God's Children
God's Children Singel av The Kinks frå albumet Percy | ||
B-side | «Moments» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1971 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:16 | |
Selskap | Pye Records | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Apeman» (1970) | God's Children | «20th Century Man» (1971)
|
God's Children er ein song skriven av Ray Davies og framført av The Kinks. Han vart gjeven ut på singel i 1971 og på filmmusikkalbumet til filmen Percy.
Temaet i «God's Children» er avgrensingar i teknologien, inspirert av penistransplantasjonen som er temaet i filmen Percy.[1] Ray Davies syng solovokal.[2] Songen nyttar akustiske instrument, akkompagnert av eit orkesterarrangement av Stanley Myers.[1]
Singelen selde dårleg på grunn av dårleg marknadsføring frå selskapet og at bandet ikkje heldt konsertar på denne tida.[2]
Ein 25 sekund lang instrumental frå songen kalla «God's Children - End» vert nytta som det siste sporet på Percy.[1]