Gjesdal kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg

Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest og nord mot Sandnes, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.

Gjesdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeRogaland
Adm.senterÅlgård
Areal618 km²
 •  land560 km²
 •  vatn58 km²
Folketal 12 362  (1. januar 2024)
Målformnøytral
OrdførarFrode Fjeldsbø (Ap)
Kommunenr.1122
Kart
Gjesdal kommune
58°46′55″N 6°00′31″E / 58.781944°N 6.008611°E / 58.781944; 6.008611
Wikimedia Commons: Gjesdal
Nettstad: www.gjesdal.kommune.no

Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km søraust for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75 % av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.

Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. «Gjesdalbu» er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi.Kydland voks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.

Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, inst i Frafjord.

Folk frå Gjesdal

  • Håvard Rugland (f. 1984), også kjend som «Kickalicious», utøvar av amerikansk fotball

Bakgrunnsstoff