Giurgiu

Giurgiu er ein by i Romania og fylkeshovudstad i Giurgiu fylke. Han ligg i ein region som ein gong vart kalla Vlașca. Han ligg midt på ei mudderflate på venstresida av Donau tvers ovanfor byen Ruse i Bulgaria. Det ligg tre små øyar i elva utanfor byen og den største av desse vernar om ei hamn. Nord for byen ligg eit rikt kornområde som vert kryssa av ei jernbanelinje til București, den første linja som opna i Romania (1869). Giurgiu eksporterer tømmer, korn, salt og petroleum.

Giurgiu
Klokketårnet i Giurgiu
Klokketårnet i Giurgiu
Klokketårnet i Giurgiu
Byvåpenet til Giurgiu
Byvåpenet til Giurgiu


Plassering
Giurgiu is located in Romania
Styresmakter
LandRomania Romania
FylkeGiurgiu
BorgarmeisterLucian Iliescu
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)

54 551
Koordinatar43°54′03″N 25°58′26″E / 43.90083°N 25.97389°E / 43.90083; 25.97389
Høgd over havet25 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer080301
Retningsnummer (tlf)+40 02 46
BilnummerGR
Nettstad: www.primaria-giurgiu.ro

Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse ligg i nærleiken av byen og er den einaste som kryssar Donau mellom Bulgaria og Romania.

Busetnader

Kommunen Giurgiu innanfor Giurgiu fylke

Giurgiu er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Folketal 2011[2]Folketal 2021[1]
Giurgiu61 35354 551

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Giurgiu