Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Landes, Lot-et-Garonne, Dordogne, Charente og Charente-Maritime, i tillegg til Atlanterhavet i vest. Med eit areal på 10 000 km² er Gironde det største departementet i den europeiske delen av Frankrike.
Området er kjent for stranda Côte d'Argent, som er den lengste i Europa, og som trekkjer til seg mange surfarar til Lacanau kvart år.