Georges Grün

belgisk fotballspelar

Georges Serge Grün (fødd 25. januar 1962) er ein belgisk tidlegare fotballspelar frå Schaerbeek, mangeårig midtstoppar i RSC Anderlecht og på Belgia sitt landslag.

Georges Grün
Personleg informasjon
Fullt namnGeorges Serge Grün
Fødd25. januar 1962 (62 år)
FødestadSchaerbeek i Belgia
Høgd184 cm
PosisjonMidtback
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar(Mål)
1982-1990Anderlecht212(27)
1990-1994Parma109(9)
1994-1996Anderlecht46(4)
1996-1997Reggiana22(0)
Totalt389(40)
Landslag
1984-1995Belgia77( 6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere

Klubbspel

Grün spelte for Anderlecht i tida 1982-90 og på ny 1994-96. Her var han med om å vinne den nasjonale seriemeisterskapen tre år i rad, 1985-87, og der etter den nasjonale cupen to år i rad, 1988-89. Våren 1990 var Grün kaptein då Anderlecht tapte cupvinnarcupfinalen etter 120 minuttars spel mot italienske Sampdoria. I tida mellom Anderlecht-tenestene, 1990-94, tok han plass i Parma-forsvaret. Med den italienske klubben vann han den italienske cupmeisterskapen 1992 og året etter cupvinnarcupen 1993 med finalesiger 3-1 over Royal Antwerp. Grün avslutta profflivet med ein sesong i den nyopprykka Serie-A-klubben Reggina i 1996/97.

Landslagsspel

Grün landslagsdebuterte under EM i fotball 1984 og skåra det andre målet då Belgia vann 2-0 mot Jugoslavia i franske Lens. Han spelte alle seks kampane til Belgia då laget vart nummer fire i VM i fotball 1986 i Mexico. Grün deltok også i Fotball-VM 1990 og 1994. Frå 1991 til han spelte sin siste landskamp i november 1995 var han lagkaptein i 24 kampar. Totalt skåra Grün seks landslagsmål.

Merittar

  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1993 med Parma
  • Belgisk seriemeister: 1985, 1986, 1987 med Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1988 og 1989 med Anderlecht
  • Italiensk cupmeister: 1992 med Parma

Kjelder