Georges-Eugène Haussmann (utt. åsmˈan) (fødd 27. mars1809 i Paris, død 11. januar1891 i Paris), betre kjend som Baron Haussmann, var ein franskingeniør, kjend for å ha fått ansvaret for fornyinga av Paris under Napoleon III sitt keisardøme.
Haussmann blei fødd i 1809, utdanna seg til advokat, og blei i 1833 utnemnd til underprefekt, men missa stillinga i kjølvatnet av revolusjonen i 1848. Under Napoleon III si tid som president var han prefekt i tre departement, og blei i 1853 prefekt i Seine. Han fekk ein barontittel og plass i senatet frå 1857. Som prefekt i Seine fekk han i oppdrag å forherlege keisardømet gjennom ei fornying av Paris. Løysinga var monumental, og omdiskutert både i samtid og ettertid. I løpet av få år var byen fullstendig omskapt, med anlegg av stjerneplassar, og lange, rettlina boulevardar. For å få rom til desse endringane blei store delar av det gamle Paris rive, og Haussmann omtalte også seg sjølv som «nedrivingskunstar».[1]Som kompensasjon for alt rivingsarbeidet, blei den tillatne byggjehøgda heva til fem etasjar, attåt den karakteristiske kvistetasjen som pregar bybiletet i Paris. Det omfattande prosjektet førte til stor gjeld, som i sin tur gjorde leige- og levekostnadene i byen høge, og då Émile Ollivier blei statsminister i 1870 fekk Haussmann avskil som prefekt.