Geir Pollen

norsk forfattar

Geir Pollen (fødd 4. april 1953) i Målselv) er ein norsk forfattar. Han har budd på Toten og har arbeidd som lærar. Frå 2001 til 2005 var han formann i Den norske Forfatterforening.

Geir Pollen
StatsborgarskapNoreg
Fødd4. april 1953 (71 år)
Målselv kommune
Yrkelingvist, skribent, omsetjar, lyrikar

Han debuterte med diktsamlinga Posteringar i språket i 1982. Gjennombrotet kom med romanen Hutchinsons Eftf. i 1998, som fekk veldig god mottaking hjå litteraturkritikarane, og som vart nominert til Brageprisen og Nordisk Råds litteraturpris. Den neste romanen, Når den gule solen brenner, fekk ei meir avmålt mottaking.[treng kjelde]

Verk

  • 2014 Armfeldts armé : historien om en katastrofe
  • 2010 Raskolnikovs hus, roman
  • 2007 Langt fra stammen, historien om Norske Skog
  • 2005 Kallemann, roman
  • 2002 Når den gule solen brenner, roman
  • 1998 Hutchinsons Eftf., roman
  • 1994 Fall, roman
  • 1991 Ål, roman
  • 1989 Variasjoner I–XXX, dikt
  • 1985 Det planlagde kaos, dikt
  • 1982 Posteringar i språket, dikt

Gjendiktingar

  • 1999 Yves Bonnefoy: Ein eld går føre oss

Omsetjingar

  • 2004 W. G. Sebald: Austerlitz

Prisar og utmerkingar

Kjelder

Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.