Garnityr

Garnityr er ei matvare eller ein gjenstand som blir brukt som dekorasjon eller presentasjon til ein tilreidd matrett eller drikke.[1] I mange tilfelle kan det også gje tilleggs- eller kontrastsmak. Nokre typar garnityr blir valde for å auka den visuelle effekten til retten, medan andre er valde ut spesielt for smaken dei kan gje.[2] Dette er i motsetnad til eit krydder, ein saus som blir tilsett ei annan matvare hovudsakleg for å gje smak. Ei matvare som blir servert med garnityr kan skildrast som garni, det franske ordet for ‘garnert’.

Tunisisk kjøtragu garnert med urter.
Blanc-manger garnet med kakaopulver og mandlar.

Mange garnityrtypar er ikkje meint å etast, men for andre kan det vera greitt å gjera det. Persille er eit døme på eit tradisjonelt garnityr som også har ein god smal. Denne grøne urten har små, kjennbare blad, sterke stenglar og er lett å trimma til passande garnityr.

Oversikt

Garnityr kan gje mat eller drikkevarer ein meir tiltrekkjande utsjånad.[3] Dei kan til dømes tilføra farge, slik som når paprika blir strødd på ein laksesalat. Dei kan gje ein fargekontrast, til dømes når graslauk blir strødd på potetar. Dei kan gjera cocktailar meir attraktive, som når ein set ein paraply i ein eksotisk drink, eller når ein mai tai blir toppa med stykke av tropisk frukt. Sushi kan garnerast med baran, ein type plastgras eller blad. Nokre gonger blir garnityr og ein saus eller liknande nytta saman for å fullføra presentasjonen av ein rett; til dømes kan ein rett vera toppa med saus og så ein kvast persille til slutt.

Nokre rettar er særleg knytte til ein viss type garnityr, slik at dei kan sjå ufullstendige ut utan denne. Nokre døme er banansplitt-sundae med kirsebær på toppen eller buffalo wings serverte med ein kvast selleri og dressing av blåmuggost.

Ulike typar garnityr

Mat

Garnityr for matrettar inkluderer:

Tomat skoren som rose til garnityr.
Garnering av ein matrett.
  • Amandine - ein kulinarisk term som tyder garnityr av mandlar
  • Bawang goreng - sprøsteikt sjalottlauk, eit vanleg garnityr i indonesisk mat
  • Gulrot
  • Kaviar[4]
  • Soltørka tomat
  • Selleri
  • Kjøt[5][6]
  • Chilipepar - julienneskoren, i ringar eller dekorativt oppskoren
    • Chilitrådar
  • Cilantro - korianderblad
  • Krutongar
  • Agurk - julienneskoren, ringar eller dekorativt oppskoren
  • Duxelles
  • Eggegarnityr
  • Steikt lauk[7]
  • Gremolata,[8] hakka persille, sitronskal og kvitlauk
  • Sitronbasilikum
  • Reddik
  • Manjette
  • Mikrogrønt - skot og unge blad av grønsaker[9]
  • Mynt[10]
  • Nøtter
  • Olivenolje[11]
  • Ingefær[12]
  • Persille[13]
  • Persillade,[14] hakka persille med eddik, olje, urter og kvitlauk
  • Sautert sopp[15][16]
  • Etande tang, til dømes nori, som blir brukt til å garnera matvarer som supper og sashimi[17][18]
  • Sesamfrø[19]
  • Valnøtt

Dessert og søtmat

Garnityr til dessert og søtsaker inkluderer:

Muffin garnert med konfetti-candy.

Drykk

Garnityr for drikkevarer inkluderer:

Martini med limestykke.

Drikkar med kaffibase kan ha:

  • Kanelstong eller kanelpulver
  • Kakaopulver

Mindre søte drinkar som Bloody Mary kan ha garnityr som:

  • Gulrotstong
  • Selleristong (vanlegvis med blad på)
  • Pepar
  • Salt, grovt (på kanten av glaset)

Eggnog kan ha:

  • Muskat

Ulike typar frukt og fruktdelar:

  • Cocktailbær
  • Sitronskive, skalbit eller båt
  • Limeskive, skalbit eller båt
  • Appelsinskive, skalbit eller båt
  • Ananasskive eller bit
  • Jordbær
  • Vassmelon
  • Cocktailpynt– dekorative element lagt til ein drink
    • Cocktailauk – liten sylta lauk
    • Cocktailparaply – liten papirparaply
    • Grøn oliven
    • Mynteblad[22]
    • Twist – litt av skalet til ei sitrusfrukt
    • Sukker, i strø- eller pulverform

Garnityr etter matlagingstradisjon

Fransk garnityr

Klassiske franske garnityr inkluderer:[23]

Til supper:

Kald purre- og potetsuppe garnert med krutongar.
  • Brunoise - grønsaker skorne i 1-3 mm store bitar
  • Chiffonade - finskoren salat eller engsyre stua i smør
  • Croutes - små bitar av halvt fransk brød smurt og tørka i omn
  • Coulis - (tjuktflytande suppe eller saus) helt dekorativt på retten
  • Krutongar - små brødstykke (vanlegvis kubeforma) steikt i smør eller anna olje
  • Julienne - tynnskorne grønnsaker
  • Pasta (tapioca, sago, salep) m.m.
  • Pluches - ein heil kvist av urteblad, utan den sentrale stengelen (tradisjonelt kjørvel)
  • Profiterolles - butterdeigball fylt med purée
  • Royale - eit lite dekorativt forma stykke av egg- eller vaniljesaus (på tysk blir dette kalla eierstich)
  • Eggetrådar[24]

Til forrettar og hovudrettar:

  • Krokettar
  • Potetar (pommes dauphine, Duchesse-potetar eller Marquis)[25]
  • Duxelles - steikt lauk, sopp og urter[26][27]
  • Matignon - finhakka gulrøter, lauk og selleri med skinke steikt i smør og madeira
  • Mirepoix - liknande matignon men hakka i større bitar med eller utan skinke (eller med bacon i staden for skinke)
  • Polonaise - garnityr i polsk stil med smelta smør, brødsmular, hakka kokt egg, sitronsaft og urter over kokte grønsaker
  • Salpicon - ulike typar hakka kjøt eller grønsaker
  • Fritters

Indonesisk garnityr

Den indonesiske festretten tumpeng, ein kjegle av ris garnerert med dekorativt skoren chilipepar og agurk.
  • Bawang goreng - steikt sjalottlauk, eit vanleg garnityr i indonesisk mat[28]
  • Unge gulrotblad
  • Selleri - lokalt kjent som daun seledri, blir nytta som topping på suppe eller risgraut
  • Chilipepar - dekorativt skoren
  • Koriander
  • Agurk - dekorativt skoren
  • Kokosnøtt - raspa kokosnøttkjøt, vanlegvis brukt i tradisjonelle kue, eller søte dessertsnacks, som klepon, putu og lupis
  • Emping - melinjo-nøttechips
  • Krupuk - ulike tradisjonelle chips
  • Sitronbasilikum - kjent lokalt som daun kemangi
  • Tomat - dekorativt oppskoren

Japansk garnityr

Japansk miso ramen garnert med spiseleg sjøalger, sesam og skalljon
  • Beni shōga - julienneskoren sylta ingefær, vanlegvis brukt som garnityr for gyudon og okonomiyaki
  • Gari - marinert tynt skoren ingefær, vanlegvis brukt som garnityr til sushi og sashimi
  • Katsuobushi - tørka bonitoflak som vanlegvis blir nytta som garnityr til takoyaki, som til tider blir kalla okaka
  • Vårlauk eller trelauk (wakegi) - mest brukt som topping av tofu og miso-suppe
  • Anna etande tang - inkludert tynskorne kizami nori-blad, aonori, tororo kombu som blir brukt oppå ramen, udon, yakiudon, takoyaki, soba, okonomiyaki, yakisoba eller til og med pizza og pølse i brød
  • Sesamfrø, strødd over dampa ris eller nudlar
  • Shisoblad
  • Fukujinzuke, krydder og garnityr til karrirettar
  • Kinshi tamago, eggestrimlar som er populære på risgraut og hiyashi chuka, ein kald ramensalat.
  • Fiskekjøt som tobiko, masago, mentaiko og ikura er populære på risrettar som chirashi og sushi
  • Strimla daikon og malen daikon kalla daikon oroshi, ein vinterreddik, er populær i bento- og sushi-rettar, den siste er populær på oljehaldige matvarer som fisk og tempura
  • Sakurablom, stjerne, hjarte og ulike utskorne former av gulrøter er populære i bento
  • Kjøt av hvitløk
  • Fiskeyngel som shirasu og chirimenjako
  • Etande blomar som krysantemum
  • Furikake
  • Umeboshi
  • Nameko-sopp
  • Menma, fermenterte smakssette bambusskot
  • Sojaegg
  • Narutomaki
  • Mitsuba, Cryptotaenia japonica
  • Tenkasu, steikte bitar av batter som definerer tanuki udon
  • Aburage, steikt tofu som definerer kitsune udon
  • Kamaboko, ein surimi som ofte finst i bento og hot pot udon
  • Wasabi
  • Yuzukosho

Koreansk garnityr

Eggerett garnert med chilitrådar.

I koreansk mat blir dekorativ garnityr kalla gomyeong (고명), eit omgrep som viser til å pynta mat.[29][30]

Reiskapar

Reiskapar som ofte blir nytta til å laga garnityr til mat er spidd, knivar, rasper, tannpirkarar og pergamentkjegler.[38]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Garnityr