Gagnefs kommun

kommune i Dalarna len i Sverige

Gagnefs kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Leksands kommun i nord Falu kommun og Borlänge kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Vansbro kommun i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Djurås.

Gagnefs kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Sverige
LenDalarnas län
LandskapDalarna
Del avDalarna, Q61606296, Q61606267
CentralortDjurås
Areal813,96 km²
 •  land769,07 km²
 •  vatn44,89 km²
Folketal 10 111
Folketettleik13 / km²
Kart
Gagnefs kommun
60°33′00″N 15°08′00″E / 60.55°N 15.133333333333°E / 60.55; 15.133333333333
Wikimedia Commons: Gagnef Municipality
Nettstad: www.gagnef.se

I Gagnef finn ein eit skogkledd dallandskap med fleire ravinar. Næringslivet er dominert av jord- og skogbruk, samt treindustri. I administrasjonssenteret Djurås renn Väster- og Österdalälven saman til Dalälven. I tettstaden Gagnef er det òg ei flåtebru av tre som er eit bygningsminnesmerke over dette.

Administrativ historikk

Kommunereforma i 1952 påverka ikkje området, men i 1971 vart Floda og Gagnef slått saman til Gagnefs kommun.

Kommunevåpenet

Blasonering: På raud bakgrunn, ein straum med form som eit gaffelkors av gull.[1]

Våpenet symboliserer at Väster- og Österdalälven renn saman. Det vart fastsett i 1946. Ved samanslåinga hadde også Floda eit våpen, men det måtte vike for Gagnef sitt, som vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974.

Tettstader

Det er åtte tettstader i Gagnefs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr.TettstadFolketal
1Mockfjärd1 935
2Djurås1 253
3Gagnef1 115
4Dala-Floda709
5Djurmo689
6Bäsna687
7Björbo682
8Sifferbo399

Kjelder

Fotnote