Głogów

Głogów (tysk Glogau) er ein by i Sørvest-Polen. Han hadde ca. 71 686 innbyggjarar i 2004.

Głogów
by
Land Polen
Areal35,11 km²
Folketal 64 261 (31. mars 2021)[1]
Kart
Głogów
51°39′32″N 16°04′49″E / 51.658888888889°N 16.080277777778°E / 51.658888888889; 16.080277777778
Wikimedia Commons: Głogów

Historie

Dette er ein by i landskapet Schlesien og ein av dei eldste i landet. På 900-talet bygde den slaviska stammen Djadosjanarane eit fort her av jord, stein og trevirke. Borgbyen som kom til å liggje mellom dei polske og tyske interessesfærane vart erobra og brend fleire gonger av tyskarane i mellomalderen.

Då Polen var kløyvd i ulike distrikt i åra 1136-1330 gjorde dei schlesiske hertugane seg sjølvstendige frå sine rikspolske frendar og kom under tsjekkisk innverknad. Det tsjekkiske riket kom i sin tur under austerriksk innverknad. I 1740 vart byen og resten av Schlesien erobra av Preussen og omgjord til ein tysk festningsby. Festningsverka hemma utviklinga av byen og vart tekne bort i 1902.

Under andre verdskrigen gjorde nazistane byen til festningsby på ny. Under ei omlægring på seks veker på slutten av krigen vart 95 % av husa i byen øydelagde.

Jaltakonferansen i 1945 avgjorde at byen atter skulle høyre til Polen, den attverande tyske befolkninga vart utvist og polakkar flytta inn att.

Under krigen utførte tyske nazistar fleire massakrar på jødar i eit skogsområde nær byen. Mellom 7. og 13. juli 1942 vart over 2 000 menneske skotne i hel der. Til saman vart over 6 000 jødar drepne i Głogów-skogen mellom 1942 og 1944.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Głogów