Frithjov M. Vik

norsk politikar

Frithjov Meier Vik (15. mars 19022. januar 1986) var ein gardbrukar, næringsdrivar og politikar frå Kvæfjord som representerte Troms og HøgreStortinget i tida 1954-65.

Frithjov M. Vik
StatsborgarskapNoreg
Fødd15. mars 1902
Kvæfjord kommune
Død

2. januar 1986 (83 år)

Yrkepolitikar
Språknorsk
Politisk partiHøgre

Liv og gjerning

Vik var son til gardbrukarar i Vik i Kvæfjord. Han gjekk Vågan folkehøgskole skulevinteren 1918-19, Troms landbruksskule i 1920 og eit motorkurs ved Jønsberg landbruksskule i Hedmark i 1922. Han tok over farsgarden i 1928 og dreiv han til 1957. Frå 1926 til 1948 dreiv han også fiske og vart notbas. Han var i tida 1932-57 disponent i AS Kveøy fiske- og fraktrederi, og frå 1957 til 1965 i Kvedfjord Sildolje- og Kraftforfabrikk AS. 1939-40 var han disponent ved kontoret til Troms sildfiskarlag. Han hadde elles talrike verv i fiskeria, mellom anna var han styreformann i Notfiskarsamskipnadens sildesalgslag 1943-48 og Feitsildfiskernes Salgslag frå 1948 til 1957. Og 1946-51 var han medlem i representantskapet i Norges Bondelag.

Vik var medlem i kommunestyret i Kvæfjord frå 1947 til -55, varaordførar 1950-53. Gjennom tre etterfylgjande periodar, 1954-57, 1958-61 og 1961-65 representerte han Troms og partiet Høgre på Stortinget. Han var medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen den fyrste perioden og i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen dei to neste. Frå 1950 til -55 var han sentralstyremedlem i Høgre.

For innsatsen under andre verdskrigen vart Vik tildelt Deltakarmedaljen.

Kjelder

Stortingsbiografi