Frei

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Frei kommune)

Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2118 innbyggjarar (2003). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.

Frei
Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund kommune, ligg på øya Frei. Foto: Harald Oppedal
Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund kommune, ligg på øya Frei.
Foto: Harald Oppedal
Geografi
StadNordmøre
Koordinatar63°03′N 07°48′E / 63.050°N 7.800°E / 63.050; 7.800

Areal63,08 km²

Høgaste punktFreikollen (629 moh.)

Administrasjon
LandNoreg
FylkeMøre og Romsdal
Største busetnadRensvik (2118 innb.)

Kommunevåpenet til Frei kommune føre samanslåinga med Kristiansund.

Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune.

Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.

Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007:

1.1.1964[1]1.1.1971[1]1.1.1981[1]1.1.1991[1]1.1.2001[1]1.1.2007[1]
236925994204489351875428

Natur

Topografi

Øyar og holmar

Fjell og åsar

Vatn

  • Bolgavatnet
  • Rensvikvatnet
  • Drabovatnet
  • Kjerringvatnet
  • Sætervatnet
  • Litlvatnet («Lille Rensvikvatn»)

Kjelder

Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.