Frederik Schmidt

norsk politikar

Frederik Schmidt (27. mai 177116. februar 1840) var ein norsk-dansk teolog, diktar og eidsvollsmann.

Frederik Schmidt

StatsborgarskapNoreg, Danmark
Fødd27. mai 1771
Asminderød
Død

16. februar 1840 (68 år)
Himmelev

Yrkeprest, politikar, teolog, dagbokskrivar, lyrikar
Språknorsk, dansk
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
FarChristen Schmidt
Frederik Schmidt på Commons

Frederik Schmidt var fødd i Asminderød på Sjælland i Danmark. Far hans, Christian Schmidt, vart i 1773 biskop i Akershus stift og familien flytta til Kristiania. Sjølv studerte han teologi i København og vart cand. theol. i 1791. Han arbeidde så som fengselsprest i Kristiania, sokneprest i Eiker og frå 1808 som prost i Kongsberg. Schmidt var ein typisk opplysningsteolog, oppteken av skulesak og fattigstell. I åra som fengselsprest arbeidde han elles mykje med Oslos historie, og redigerte i tidsskriftet «Hermoder» i to år.

Schmidt representerte Buskerud amt på riksforsamlingaEidsvoll i 1814, og var medlem av konstitusjonskomitéen. Han la der fram forslag om at ei lov som ikkje har fått fleirtal etter å ha vore handsama to gongar i avdelingane, må ha 2/3 fleirtal for å verte vedteken i samla Storting. Schmidt vart elles rekna å høyre til sjølvstendepartiet. Han var også medlem av det overordentlege storting i 1814.

Etter å ha kome dårleg ut av ein injurieprosess med ein mann frå Eiker, klaga han til Stortinget 1815-16, utan å få medhald. Han flytta så i 1817 til Danmark, etter å ha fått permisjon. 1818-19 var han saman med den danske forfattaren Bernhard Severin Ingemann på reise i Tyskland, Sveits og Italia.

I 1820 kom Schmidt tilbake til Eiker og heldt avskjedspreike. Han var deretter sokneprest i Himmelløv i Danmark, der han døydde i 1840.

I Danmark vart Schmidt kjent som salmediktar. Han studerte elles teologi, og fekk, i samband med tusenårsfesten for kristendomens innføring i Danmark, den teologiske doktorgraden i 1826.

Kjelder