Frederick Delius

britisk komponist

Frederick Delius (29. januar 186210. juni 1934) var ein engelsk komponist. Delius skreiv mest orkesterverk, korverk og operaer. Tonespråket hans er seinromantisk. Ved sida av Ralph Vaughan Williams og Edward Elgar er han rekna som den mest markante britiske komponisten før andre verdskrigen.[1][2]

Frederick Delius

Fødd29. januar 1862
FødestadBradford
Død10. juni 1934 (72 år)
DødsstadGrez-sur-Loing
OpphavStorbritannia
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka somkomponist
Gift medJelka Rosen
PrisarRoyal Philharmonic Societys gullmedalje

Bakgrunn

Delius var fødd i Bradford som son av Julius og Elise Pauline Delius, som hadde flytta dit frå Bielefeld i Tyskland. Dei etablerte seg i den lokale ullindustrien.

Virke

Frederick var mesteparten av livet i utlandet, og sidan faren ikkje var særleg interessert i at Frederick skulle ha ein karriere innan musikk, blei sonen fyrst send til Florida i USA, der han prøvde seg på å dyrke appelsinar. Trass motviljen frå faren studerte Frederick musikk medan han dreiv appelsinfarmen, og i 1888 flytta han til Leipzig i Tyskland, der han heldt fram med musikkstudiane sine på konservatoriet. I Leipzig blei han i desember 1887 kjend med Edvard Grieg,[3] som aktivt bidrog til at Delius kunne etablera seg som komponist.

Delius er 'Norge-gal' og har vært 4 ganger i Norge, ligger på Hardangervidden i 14 dage og mere i den genre...

Edvard Grieg sitt julebrev frå 1886[4]
Delius avbilda av Edvard Munch.

Delius besøkte Noreg for fyrste gong på 1880-talet, og blei etterkvart ein skikkeleg noregsven. Han blei også kjent med Johan Halvorsen, og vitja Edvard Munch i Åsgårdstrand og Bjørnstjerne BjørnsonAulestad. Knut Hamsun vitja Delius i 1879 på hytta hans i Ville d'Avray utanfor Paris, der dei fleste av vennane til Delius var norske.[5] Særleg nært stod fiolinisten Halfdan Jebe som var bror til Munch si venninne, målarinna Tupsy Jebe.[6]

Delius dirigerte sjølv då Kristiania Konsertforening i 1891 uroppførte verket hans Paa vidderne, som var inspirert av dikt av Henrik Ibsen. Stykket fekk god mottaking då det blei framført tre år etter i Monte Carlo.[7] Då han skreiv musikk til Gunnar Heiberg sitt Folkeraadet (Christiania Theater, 18. oktober 1897) blei Delius jaga ut av hotellet av rasande nasjonalistar fordi han hadde fletta inn ein mollstemt variant av «Ja, vi elsker» i musikken.[8] Som svar til VG-journalisten Christian Krohg, som ville vita om Delius hadde tenkt å håne nasjonalsongen, svarte Delius at han ikkje interesserte seg for politikk.[9] Han var mange somrar i Noreg, og i 1912 komponerte han On Hearing the First Cuckoo in Spring 1912 etter ein norsk folketone; same tema som Grieg tok med i sine 19 norske folkeviser (opus 66) frå 1896. Til sist let Delius oppføra Villa HøifagerliLesjaskog i Lesja i 1921, der han i 1923 hadde Percy Grainger som gjest.

Frå 1916 var Delius blind og lam som følgje av syfilis; men med hjelp av sekretæren sin, Eric Fenby, kunne han fortsetja med å komponera. Han døydde i i Grez-sur-Loing i 1934.

Fleire av verka hans var inspirerte av J.P. Jacobsen, som operaen Fennimore and Gerda som bygde på romanen Niels Lyhne (1880).

Verkliste

  • Operaer
    • Irmelin (1890-92; premiere 1953)
    • The Magic Fountain (1893-95)
    • Koanga (1895-97; premiere 1904)
    • A Village Romeo and Juliet (1900-01; premiere 1907)
    • Margot la rouge (1902)
    • Fennimore and Gerda (1909-10; premiere 1919)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Frederick Delius