Frankie and Johnny er det 25. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3553, i mars 1966. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, 12. til 14. mai 1965. Albumet nådde 20. plassen på Top LP's-lista.[2] Albumet selde til gull- og platinaplate 6. januar 2004 i USA.[3]
Sidan filmen føregjekk på 1800-talet, vart det nytta somme tradisjonelle songar i filmen. «When the Saints Go Marching In» er ein gammal gospelsalme som har blitt ein jazzstandard og knytt til tradisjonell hot jazz frå New Orleans. Han vart spelt i ein medley med «Down by the Riverside», ein annan tradisjonell gospelsong frå denne tida. Begge er i offentleg eige.[4] Tittelsongen «Frankie and Johnny», er ein variant av ein amerikansk populær song som først vart publisert i 1904 og tilskriven Hughie Cannon. Med ny tekst vart opphavsretten sikra for Gladys Music, songforlaget til Presley.[5]
Det vart spelt inn tolv songar for Frankie and Johnny, og alle vart brukte i filmen. Tittelsongen vart gjeven ut på singel i lag med «Please Don't Stop Loving Me» som b-side. Han vart gjeven ut like før eller samstundes med albumet. «Frankie and Johnny» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 45. plassen.[6]
Pickwick- og Follow That Dream-utgåvene
I 1970-åra fekk Pickwick Records leige rettane til fleire av innspelinga til Presley frå RCA og gav ut filmmusikkalbumet på ny i 1976 med eit nytt omslag og tittelen endra til Frankie & Johnny. Rekkjefølgja på songane vart endra og tre songar vart fjerna — «Chesay», «Look Out Broadway» og «Everybody Come Aboard». Omslaget indikerer ikkje at dette var ei nyutgjeving, og det var det einaste filmmusikkalbumet hans som vart gjeve ut på denne måten. Det nådde ikkje Billboard 200. Plata var i trykk i fleire år fram til Presley døydde i august 1977 og RCA gav ut alle albuma hans på ny, men avtalen med Pickwick hindra RCA å gje ut dette albumet. Det var derfor ikkje tilgjengeleg att i USA før i 2010 då Frankie and Johnny kom ut på ny.
I 2003 vart Frankie and Johnny gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[7]