Fly on the Wall av AC/DC

Fly on the Wall
Studioalbum av AC/DC
Språkengelsk
Utgjeve28. juni 1985
InnspeltOktober 1984–februar 1985
StudioMountain (Montreux)
SjangerHardrock
Lengd40:30
Selskap
Produsent
AC/DC-kronologi 
Flick of the Switch
(1983)
Fly on the WallWho Made Who
(1986)


Singlar frå Fly on the Wall
  1. «Danger»
    Utgjeve: 21. juni 1985
  2. «Sink the Pink»
    Utgjeve: September 1985 (AUS)
  3. «Shake Your Foundations»
    Utgjeve: November 1985 (USA)

Fly on the Wall er det tiande studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, gjeve ut 28. juni 1985 på Albert Productions og Atlantic Records. Albumet kom ut på ny i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.

Bakgrunn

Sjølv om AC/DC-albumet Flick of the Switch frå 1983 fekk blanda kritikkar, heldt bandet fram med å vere eit av dei største hardrockbanda i verda. I oktober 1984 sleppte Atlantic Records i USA EP-en '74 Jailbreak, ei samling studiospor som tidlegare ikkje var gitt ut utanfor Australia, hovudsakleg frå det australske debutalbumet til bandet High Voltage frå 1975. I januar 1985 tok bandet tre veker fri frå innspelinga av det som skulle bli Fly on the Wall for å vere hovudattraksjon to kveldar på den 10 dagar langa Rock in Rio-festivalen i Rio de Janeiro i Brasil, der dei opptredde for over 250 000 menneske 19. januar saman med Scorpions, Whitesnake og Ozzy Osbourne.

Innspeling og utgiving

Innspelinga av Fly on the Wall fann stad i Mountain Studios i Montreux i Sveits i slutten av oktober 1984. Albumet vart gitt ut 28. juni 1985 og var det første albumet til AC/DC sidan den australske utgivinga av T.N.T. utan trommeslagaren Phil Rudd, som vart erstatta av Simon Wright (sjølv om Wright dukka opp i musikkvideoar for Flick of the Switch-sporet), noko som gjorde det til det første AC/DC-albumet der alle bandmedlemmene var fødde i Storbritannia.[1]

Det var det andre og siste albumet som vart produsert av bandmedlemmene. Men i motsetning til det førre, Flick of the Switch - som var produsert av heile bandet - vart Fly on the Wall produsert av gitaristane Angus og Malcolm Young, som håpa å fanga råskapen og enkelheita frå den tidlege musikken deira[2] i ei tid då pop-orientert glam metal hadde vorte populært. I eit intervju med Sky Channel i 1985 i samband med programmet Monsters of Rock, forklarte Brian Johnson: «Erfaringa mi er at gutane gjekk inn med ein produsent, men dei fortalde framleis guten kva dei ville ha, så på ein måte er det berre eit par ekstra øyre. Eit par dyre ekstra øyre.»

Albumet vart ikkje godt motteke av kritikarane, og salet på éin million i USA bleikna i forhold til Back in Black og For Those About to Rock We Salute You.[3] Singlane «Shake Your Foundations» og «Sink the Pink» blir sett på som høgdepunkt;[2][4][5] begge vart seinare inkluderte på filmmusikkalbumet deira Who Made Who til Stephen King-filmen Maximum Overdrive. Låten «Danger» fall til jorda på konsert og vart fjerna frå settet.[6] Enkelte kritikarar klaga òg over at vokalen til Johnson var vanskeleg å tolke, og bandet heva han då òg i miksen til Who Made Who.

Albumet har likevel minst éin profilert fan: songar-låtskrivaren Ryan Adams, som sa: «Eg fekk ei openberring medan eg sprang, og nokon songar frå Fly on the Wall kom på.. Det er ei plate eg alltid kan leggja på løpemiksen min, og eg treng ikkje å utelata nokre songar.»[7]

Sommaren 1985 vart det sleppt ein heimevideo der AC/DC framførte fem songar frå albumet. Videoen har òg tittelen Fly on the Wall og viser bandet spela «Fly on the Wall», «Danger», «Sink the Pink», «Stand Up» og «Shake Your Foundations» på ein liten bar i New York City ved namn The Crystal Ballroom. I baren prøver ein fotograf å snika seg inn for å ta bilete av bandet. Nye karakterar blir introduserte under kvar låt, mellom anna tre dresskledde menn og to kvinner under «Stand Up», og ei dame kledd i rosa under «Sink the Pink». Teikneseriefluga som er avbilda på albumomslaget er òg å sjå. Om ikkje anna demonstrerte videoen den nye forpliktinga til bandet overfor det mektige MTV ved å gå lenger enn performance-baserte videoar.

Fly on the Wall-turneen vart skjemd av dårleg publisitet då seriemordaren Richard Ramirez vart arrestert. Ramirez, som av pressa vart kalla «Night Stalker», fortalde politiet at «Night Prowler» frå albumet Highway to Hell frå 1979 hadde drive han til å gjera seg skuldig i drap. Politiet hevda òg at Ramirez hadde på seg ei AC/DC-skjorte og etterlét seg ei AC/DC-hue på ein av åstadene. Murray Engelheart skriv i boka si AC/DC: Maximum Rock & Roll: «Det var akkurat det motstandarane av bandet hadde venta på, og media, spesielt i USA, kasta seg omgåande over saka. Ville skuldingar om at AC/DC i røyndommen var djeveldyrkarar vart slyngde ut... Teksten til 'Night Prowler' vart nøye analysert, og nokre aviser prøvde å kopla satanismen til Ramirez med namnet til AC/DC og kom fram til at AC/DC faktisk stod for Anti-Christ, Devil's Child.»

Bandet hevda at låten hadde fått ein mordarisk klang av Ramírez, men at han i røynda handlar om ein gut som snik seg inn på soverommet til kjærasten sin om natta medan foreldra søv.[8] I eit intervju frå 2000 til MuchMoreMusic-dokumentaren The Story of AC/DC seier Angus ironisk: «Eg kan ikkje hugsa den siste svarte messa eg deltok på.»

Mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic [9]
Collector's Guide to Heavy Metal7/10[10]
The Encyclopedia of Popular Music [11]
Rolling Stone(negativ)[12]
The Rolling Stone Album Guide [13]

I den opphavlege Rolling Stone-meldinga av albumet skreiv Tim Holmes: «Du ville aldri gjetta kor sexistisk og politisk ukorrekt alt dette er viss du ikkje las tekstarket, for du kan ikkje skjønna eit einaste ord som kjem ut av tannlegeboraren Brian Johnson (bortsett frå kanskje låttitlane, som har ein tendens til å gjentakast som mantra). Angus Young er òg i storform, og speler dei dummaste, mest uimotståeleg repeterande akkordane i leksikonet.»[12] Ifølgje Steve Huey i AllMusic, «Held Fly on the Wall fram nedstiginga til AC/DC til middelmådigheit, der den spøkefulle humoren frå tidlegare kjemper verkar påtvinga og uinspirert, og musikken held fram med å vere noko underutvikla og retningslaus.»[9] I Bon Scott-biografien Highway to Hell frå 1994 kallar forfattaren Clinton Walker albumet ein «katastrofe». Martin Popoff observerte korleis Fly on the Wall «desperat prøver å ta tilbake bortkasta ungdom, men materialet er for det meste AC/DC-materiale av same type» og noterte at den klossete vokalen til Brian Johnson «er miksa ganske langt tilbake, kanskje fordi han høyrest meir raspa og usamanhengande ut enn nokosinne».[10] Det amerikanske sladderbladet People kåra LP-en til det beste albumet i 1985.[14]

Innhald

Alle songar er skrivne av Malcolm Young, Angus Young og Brian Johnson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Fly on the Wall»3:44
2.«Shake Your Foundations»4:10
3.«First Blood»3:46
4.«Danger»4:22
5.«Sink the Pink»4:15
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Playing with Girls»3:44
7.«Stand Up»3:53
8.«Hell or High Water»4:32
9.«Back in Business»4:24
10.«Send for the Man»3:36

Medverkande

Produksjon

  • Produsert av Angus og Malcolm Young
  • Mark Dearnley – lydteknikar
  • Bob Defrin – kunstnarisk leiar
  • Todd Schorr – illustrasjon
  • SMAY Vision – design (nyutgjeving)
  • Ebet Roberts, George Bodnar, Barry Plummer – fotografi

Salslister

Weekly chart

Vekesliste for Fly on the Wall
Liste (1985)Plassering
Australske album (Kent Music Report)[15]4
Austerrikske album (Ö3 Austria)[16]16
Canada Top Albums/CDs (RPM)[17]30
Nederlandske album (MegaCharts)[18]26
Finnish Albums (Suomen virallinen lista)[19]7
Tyske album (Offizielle Top 100)[20]14
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21]22
Norske album (VG-lista)[22]17
Svenske album (Sverigetopplistan)[23]10
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[24]19
Britiske album (OCC)[25]7
US Billboard 200[26]32

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Australia (ARIA)[27]3× Platina210 000^
Tyskland (BVMI)[28]Gull250 000^
Spania(PROMUSICAE)[29]Gull50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[30]Gull25 000x
Storbritannia (BPI)[31]Sølv60 000^
USA (RIAA)[32]Platina1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder