Florence Baverel-Robert

Florence Baverel-Robert (fødd 24. mai 1974 i Pontarlier i Franche-Comté) er ein fransk skiskyttar. Ho er olympisk meister i sprint frå OL i Torino i 2006.

Florence Baverel-Robert
StatsborgarskapFrankrike
Fødd24. mai 1974 (50 år)
Pontarlier
Idrettskiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2006 – Sprint kvinner, biathlon at the 2006 Winter Olympics – women's relay

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen

Florence Baverel-Robert var med i verdscupen i skiskyting frå 1994 til 2007. Ho trente med klubben Entente Sportive Saugette de Ski/EMHM.

I 1994/95- og 1995/96-sesongen kom ho på 7. plass i verdscupen samanlagt, men fekk sidan svakare samanlagtresultat. Før OL i Torino hadde ho berre ein individuell medalje frå store meisterskap, bronse frå jaktstarten i VM i Holmenkollen i 2000. I OL i Torino vann ho sensasjonelt gull på sprinten, noko som òg var hennar første verdscupsiger. Ho var òg med å ta bronsemedalje på stafetten. 2006/07-sesongen vart hennar beste i verdscupen, og ho enda på 5. plass samanlagt. Etter dette la ho opp som aktiv skiskyttar.

Baverel-Robert vert rekna som ein svært god skyttar. Ho gifta seg i 2001 med skiskyttaren Julien Robert. Dei busette seg i Lièvre Mont nær den sveitsiske grensa.

Kortfatta merittliste

Bakgrunnsstoff