Flikkjempe

Flikkjempe (Plantago coronopus) er ein plante i kjempeslekta.[1]

Flikkjempe
Flikkjempe
Flikkjempe
Status
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Overrekkje:Landplantar Embryophyta
Rekkje:Karplantar Tracheophyta
Underrekkje:Frøplantar Spermatophytes
Orden:Leppeblomordenen Lamiales
Familie:Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt:Kjempeslekta Plantago
Art:Flikkjempe P. coronopus
Vitskapleg namn
Plantago coronopus

Han er ein urteaktig plante med ein rosett av blad ved bakken. Han kan vera eittårig, toårig eller fleirårig.[2]Planten veks hovudsakleg på sand- eller grushaldig jord nær havet. Han kan også veksa nær saltbehandla vegar.[3]

Flikkjempe stammar frå Europa, Vest-og Sentral-Asia og Nord-Afrika. Han finst også som innført art i USA, Australia og New Zealand. Nokre av desse stadene kan han bli eit problem.[2]Han er observert nokre få gonger i Noreg, hovudsakleg på slutten av 1800-talet.[4] Arten var tidlegare rekna som ein framandart som var komen inn her og der med ballastjord,[5] men ein lokal førekomst ved Larvik, som vart funnen i 1993, gjer at arten truleg må reknast som heimleg.[6] Arten er derfor teken med på raudlista frå 2021 som sterkt truga (EN).[7]

Blada er smale og lanseforma med tenner eller takkar, og kan bli opptil 25 centimeter lange.

Blomestanden veks opprett og kan bli rundt 4-7 cm høg. Dei spisse blomane sit tett og bøyer seg av og til. Kvar blom har fire kvitlege flikar som er rundt ein millimeter lange.

Planten blir dyrka som ein grønsak kjend som erba stella[8] som hovudsakleg blir brukt i salat.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Flikkjempe