Flaneri

Flaneri (frå fransk flânerie, 'slentring') er ein litterær sjanger med ein uformell, personleg stil som gjer seg betraktingar rundt det som skjer i tida.

Hallvard Rieber-Mohn har kalla flaneriet «...en krysning av novelle, epistel og kåseri, tilsatt en knivsodd 'fortrolig samtale med leseren'».[1] Engelske Virginia Woolf skreiv mykje innan denne sjangeren, medan det i Noreg var Odd Eidem som etablerte han på 1960- og 1970-talet, gjennom mange godtseljande bøker med undertittel «Flanerier».

Nemninga «flanør» om ein som slentrer rundt blei brukt av Charles Baudelaire og Walter Benjamin for å skildra moderniteten i storbyen.

Bakgrunnsstoff

  • Tone Selboe. «Flanøren, tilskueren og Virginia Woolf», Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nummer 2, 1998.

Kjelder

Fotnotar