Filmfareprisen

(Omdirigert frå Filmfare Awards)

Filmfareprisen er ei gruppe prisar for framifrå kunstnarisk og teknisk prestasjon innan indisk filmindustri, først og fremst knytt til hindispråklege eller Bollywood-filmar. Dei er rekna som det indiske svaret på Oscar-prisen.[1] Prisane blei først delte ut av The Times Group i 1954, same året som Den nasjonale filmprisen i India. Opphavleg blei dei kalla «Clare Awards» eller «The Clares» etter Clare Mendonca, redaktøren for The Times of India. Dei er seinare blitt knytte til filmmagasinet Filmfare.

Gamal Abdel Nasser ved Filmfare Awards i 1960.

Sidan 1956 har tildelinga av prisane blitt gjort av ein kombinasjon av ein folkejury og eit ekspertpanel. Dette skil seg frå Den nasjonale filmprisen, som blir gjevne av ein komité utnemnd av dei indiske styresmaktene.

Seremonien har hatt ulike private organisasjonar som sponsor gjennom tidene. På 1990-talet blei seremonien fleire år send direkte på fjernsyn. Sidan 2000 er det blitt send eit redigert opptak på SET ei eller to veker etter at seremonien fann stad. Frå 2018 av har seremonien blitt send på tv-stasjonen Colors. Den 64. tildelinga av Filmfare Awards blei halden 23. mars 2019 ved Jio Garden BKC i Mumbai.

I tillegg til prisar for filmar på hindi finst det også prisar og seremoniar for filmar på andre indiske språk - Filmfareprisen sør for sørindisk film, Filmfareprisen aust for austindisk film, Filmfareprisen marathi for marathifilm[2] og Filmfareprisen panjabi for panjabispråkleg film.[3]

Fram til midten av 1990-talet var Filmfare-prisen den fremste og best kjende prisen i Bollywood. Etter at det blei stelt til fleire andre prisar i Mumbai, fekk Filmfare-tdelinga mindre merksemd frå 2000-talet.[1][4]

Rekordar

Folk med alle nominasjonar i ein kategori

NominertKategoriPrisÅr
Meena KumariBeste skodespelar10. filmfareprisen1963
Mohammed RafiBeste mannlege playback-songar16. filmfareprisen1969
Asha BhosleBeste kvinnelege playback-songar20. filmfareprisen1973
Kishore KumarBeste mannlege playback-songar32. filmfareprisen1985
Alka YagnikBeste kvinnelege playback-songar39. filmfareprisen1994
Javed AkhtarBeste låtskrivar50. filmfareprisen2005

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Filmfareprisen