Fana kommune

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg

Fana kommune er ein tidlegare kommune i Hordaland fylke, som vart innlemma i Bergen den 1. januar 1972. Fana etablerte sit første heradshus i 1906 på Midtun. Kommunen omfatta ved innlemming 210,35 km² (av dette 11,28 km² ferskvatn) og 44 402 innbyggjarar. Den var då ein av det meste folkerike i landet og velståande kommunar. Lokalavisa Fanaposten dekker det meste av den tidlegare kommunen.

Kommunesenteret på Nesttun

Til Fana høyrde dei noverande bydelane Fana og Ytrebygda, og dessutan Bønes, som no høyrer til Fyllingsdalen bydel, og områda Fantoft, Minde og Nattland, som no høyrer til Årstad bydel. Fana kommune inkluderte tidlegare òg Fyllingsdalen (12,5 km²), som vart selt til Bergen for 1,5 millionar kroner den 12. augusten 1955. Heile den sørlege halvparten av noverande Bergen kommune tilhøyrde dermed opphavleg Fana, og har i dag ca. 100 000 innbyggjarar (2010).

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Fana kommune frå 1920 til 1972:

1.12.1920[1]1.12.1930[2]3.12.1946[2]1.1.1951[3]1.1.1961[3]1.1.1971[3]
11595a, b14476a, b20183a, b22886a, b33703b44059
aTalet omfattar Fyllingsdalen, som vart overført til Bergen i 1955. Området hadde då 1590 innbyggjarar.
bTalet omfattar eit område som vart overført til Bergen i 1966. Området hadde då 4 innbyggjarar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff