Faces
- Artikkel
- Diskusjon
Faces | |||
![]() Gruppa i 1970 (venstre til høgre: Lane, McLagan, Stewart, Wood og Jones) | |||
Opphav | London, England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1969–1975, 1986, 1993, 2009–2015 | ||
Sjanger | Rock, bluesrock | ||
Tilknytte artistar | Small Faces, The Jeff Beck Group, The Rolling Stones, The Who | ||
Plateselskap | Warner Bros., Mercury | ||
Tidlegare medlemmer | Kenney Jones Ronnie Lane Ian McLagan Rod Stewart Ronnie Wood Tetsu Yamauchi Jesse Ed Davis Mick Hucknall Glen Matlock |
Faces var eit engelsk rockeband skipa i 1969 av medlemmane i Small Faces etter at songaren og gitaristen Steve Marriott slutta i gruppa for å skipe Humble Pie. Dei attverande medlemmane i Small Faces — Ian McLagan (klaverinstrument), Ronnie Lane (bassgitar) og Kenney Jones (trommer og perkusjon) — fekk med seg Ronnie Wood (gitar) og Rod Stewart (solovokal), begge frå The Jeff Beck Group, og den nye besetninga fekk namnet Faces.
Det første samarbeidet mellom det framtidige Faces var i ei gruppe kalla Quiet Melon, der den eldre broren til Wood, Art Wood, og Kim Gardner og var med. Dei spelte inn fire songar og heldt nokre konsertar i mai 1969 under ein pause for Ronnie Wood og Rod Stewart med The Jeff Beck Group.[1][2] Seinare på sommaren slutta Wood og Stewart med Beck og vart med i bandet til Lane, McLagan og Jones på fulltid.[3] Før Faces gav ut noko som helst, spelte Wood og McLagan på det første soloalbumet til Stewart i 1969, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down (kjend som The Rod Stewart Album i USA). Resten av bandet på albumet bestod av trommeslagaren Micky Waller, klaverspelaren Keith Emerson og gitaristane Martin Pugh (frå Steamhammer, og seinare Armageddon og 7th Order) og Martin Quittenton (òg frå Steamhammer).[4]
Med Wood og Stewart i bandet, vart «Small» fjerna frå bandnamnet, delvis fordi dei to nykomarane var mykje høgare enn dei tre andre medlemmane.[5] Platesjefane ønskte at bandet skulle halde på det gamle namnet, Small Faces, for å selje betre, men bandet nekta og hevda at gruppa no var heilt forskjellig frå Small Faces.[3] Som eit kompromiss vart debutalbumet deira i USA tilskrive Small Faces, medan dei nesten albuma kom under det nye namnet.[6]
Gruppa turnerte mykje i Storbritannia, Europa og USA frå 1970 til 1975, og var blant banda som tente best på konsertane sine i denne perioden;[7] i 1974 spelte dei òg i Australia, New Zealand og Japan.[1] Blant dei mest sukessrikesongane deira var «Had Me a Real Good Time», gjennombrotet deira i Storbritannia med «Stay with Me», «Cindy Incidentally» og «Pool Hall Richard». Etter kvart som solokarrieren til Rod Stewart vart meir suksessrik enn gruppa, vart bandet overskugga av frontmannen sin.[3] Ronnie Lane slutta i bandet i 1973;[3] og sa at ei av årsakene til at han slutta var at han ikkje fekk høve til å syngje på songane deira.[8]
Tetsu Yamauchi (som hadde erstatta Andy Fraser i Free) tok over på bass. Det siste albumet til Faces, Ooh La La, kom ut berre månader før bandet vart oppløyst.[3]
Året etter kom det ut eit konsertalbum, kalla Coast to Coast: Overture and Beginners; det vart kritisert for dårleg lyd og at det var lite gjennomtenkt.[9] Det inneheld songar frå turneen deira seint i 1973, den første med Yamauchi.[9][10] Dei spelte inn eit par songar for eit nytt studioalbum, men hadde mista mykje av entusiasmen og den siste utgjevinga deira var singelen «You Can Make Me Dance, Sing or Anything» i 1974. I 1975 vart Wood medlem av The Rolling Stones, som førte til at skilnadane mellom Stewart og dei andre i bandet auka, og etter ei trøblete turné i USA den hausten (med Jesse Ed Davis på rytmegitar), annonserte bandet i desember at dei la opp.
Etter Faces vart Wood med i The Rolling Stones som fulltidsmedlem. Lane skipa Slim Chance og hadde ein beskjeden solokarrieren som enda tidleg då han fekk multippel sklerose og han arbeidde òg på eit album med Who-gitaristen Pete Townshend, Rough Mix.[11] Jones vart med i The Who etter at Keith Moon døydde.[12] McLagan sa i eit intervju at Townshend hadde spurt han òg om han ville bli med i The Who, men han hadde alt lova Keith Richards om å bli med på ein turné med Rolling Stones som ekstra musikar. McLagan flytta til USA der han skipa Ian McLagan & the Bump Band.[13] Tetsu Yamauchi flytta attende til Japan, der han spelte og turnerte som jazzmusikar. Solokarrieren til Stewart vart særs suksessrik.
The Faces kom saman att for ekstranummer på ein konsert av Rod Stewart på Wembley Stadium i 1986. Ronnie Lane, som då leid av multippel sklerose, var på scenen og song i rullestol, men kunne ikkje spele bass. Bill Wyman frå The Rolling Stones erstatta han. Den same besetninga (utan Lane) spelte igjen i 1993 då Rod Stewart fekk æresprisen av Brit Awards. Ronnie Lane var siste gongen på scenen under ein konsert med Ronnie Wood i 1992. Lane døydde i 1997.
Den 18. november 2008 kom Rod Stewart, Ron Wood, Ian McLagan og Kenney Jones saman att, i lag med bassisten til Rod Stewart, Conrad Korsch, for ei øving for å «sjekke at dei framleis kunne dei gamle songane»[14] og ein offisielle gjenforeining vart annonsert på heimesida til bandet same månaden.[15] Det vart derimot ikkje halde nokre konsertar,.[16]
25. oktober 2009 spelte Faces i lag, utan Rod Stewart, for Performing Rights Society's Music Members' Benevolent Fund i Royal Albert Hall i London.[17] Mick Hucknall erstatta Stewart og Bill Wyman spelte bass for den avdøde Ronnie Lane.[18] 25. mai 2010 vart det annonsert at Faces var offisielt gjenforeint med Hucknall på vokal og Glen Matlock frå Sex Pistols på bass.[19] Bandet spelte på fleire festivalar i 2010 og 2011.[20]
The Small Faces/Faces vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2012.[21][22] Ian McLagan døydde 3. desember 2014.
Rod Stewart, Ronnie Wood og Kenney Jones heldt ein kort konsert for eit veldedig føremål den 5. september 2015, og sidan på ein privat fest i høve 70-årsdagen til Stewart[23]
Kenney Jones · Ronnie Lane · Ian McLagan · Rod Stewart · Ronnie Wood Tetsu Yamauchi · Jesse Ed Davis · Mick Hucknall · Glen Matlock | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Coast to Coast: Overture and Beginners |
Samlealbum | Snakes and Ladders / The Best of Faces · Good Boys... When They're Asleep · Five Guys Walk into a Bar... |
Songar | «Wicked Messenger» · «Maybe I'm Amazed» · «Stay with Me» · «Cindy Incidentally» · «Pool Hall Richard» · «Ooh La La» · «You Can Make Me Dance, Sing or Anything» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Small Faces |