Extinction Rebellion

Extinction Rebellion (ofte forkorta XR, norsk: «Opprør mot utrydding») er eit internasjonalt systemkritisk aktivistnettverk og ei sosiopolitisk rørsle med røter i miljørørsla og den britiske greina av Occupy-rørsla.

Logoen nedst, timeglassymbolet over. Frå ein plakat brukt under ein demonstrasjon i London den 23. november 2018

XR vart skipa i mai 2018 og praktiserer ikkje-valdeleg motstand og sivil ulynad for å tvinge styresmaktene til innsats mot klimakollapsen, tap av biologisk mangfald og mot risikoen for sosialt og økologisk kollaps.[1][2] Dei krev radikale tiltak mot global oppvarming gjennom eit tredelt krav til styresmaktene: Sei sanninga, handle no og utvid den politiske arenaen med eit borgarråd for klima og økologi.Extinction Rebellion Norge vart offisielt stifta den 16. desember 2018 som eit lag og ein ideell organisasjon.[3] Særleg i Storbritannia har XR oppnådd merksemd gjennom aksjonar som har lamma infrastruktur og ved demonstasjonar i parlamentet. I Noreg var aksjonistar ansvarlege for ein demonstrasjon som braut av eit stortingsmøte den 12. juni 2019.[4]

Rørsla brukar eit sirkla timeglas, kjent som utryddingssymbolet, som ei åtvaring om at tida raskt renn ut for mange artar.[5][6]

Manifest

Krav

Extinction Rebellion sin internasjonale nettstad gjev følgjande målsetting:[7][8]

  1. Styresmaktene må fortelje sanninga ved å erklære ein klimatisk og økologisk naudsituasjon, samarbeide med andre institusjonar for å kommunisere hastverk for endring.
  2. Styresmaktene må handle no for å stanse tap av biologisk mangfald og redusere klimagassutslepp til netto null innan 2025.
  3. Styresmaktene må opprette og leiast av avgjerslene frå eit borgarråd[9] om klima og økologisk rettferd.
Fastlagde prinsipp

På nettsida deira kan ein vidare lese om prinsippa, sitat:[10][2]

  1. «Vi har ein felles visjon om endring. Vi ønsker å skape ei levedyktig verd for alt liv som kjem etter oss.»
  2. «Vi gjer det som krevst. Vi har som mål å tvinge fram naudsynt systemendring ved å mobilisere 3,5 % av folkesetnaden - det vil skje ved å bruke metodar som 'momentum-driven organisering'.»
  3. «Vi treng ein levedyktig kultur. Vi ønsker å skape ein kultur som er livskraftig, motstandsdyktig og med evne til tilpassing.»
  4. «Vi utfordrar oss sjølve og det giftige systemet vi lever i. Vi forlèt komfortsonene og går til aksjon for å skape endring.»
  5. «Vi verdset refleksjon og læring. Etter handling følger ein syklus med handling, refleksjon, læring og planlegging av komande aktivitetar og aksjonar. Vi tar lærdom frå andre rørsler og hendingar og av eigne røynsler.»
  6. «Vi ønsker alle velkomne med heile seg. Vi arbeider aktivt for å skape tryggare og meir tilgjengelege arenaer for alle.»
  7. «Vi går inn for å redusere konsentrasjonar av makt. Vi ønsker å bryte ned hierarki av makt for ei meir rettferdig deltaking.»
  8. «Vi klandrar ingen. Vi lever alle i eit defekt system kor ein ikkje kan klandre einskilde individ.»
  9. «Vi praktiserer ikkje-vald. Ikkje-vald er den meste effektive måten å få til endring på.»
  10. «Vi er grunnlagde på sjølvstyre og desentralisering. Saman skaper vi de verktøy vi treng for å utfordre makta. Alle som følger kjerneverdiane åt organisasjonen kan gå til aksjon i Extinction Rebellion Noreg sitt namn.»[11]

Metodar og aksjonsformer

Extinction Rebellion ønsker å oppnå ei felles, verdsomspennande kjensle av tidspress for å takle klimakollapsen.[12] Ei rekke aktivistar i rørsla aksepterer arrestasjon og fengsling,[13] noko som liknar masseangrepstaktikken til antikrigsgruppa «Committee of 100» i 1961.

I tråd med krav nummer ein i manifestet, arbeider XR for å styresmakter verda over skal erklære klima og økologisk naudsituasjon, både på lokale nivå og på nasjonalt nivå. Etter ei rekke protestar arranget av XR over fleire veker i Storbritannia, godkjente parlamentet den 1. mai 2019 eit framlegg om å få iverk ei slik erklæring.[14] Den 8. mai blei det lagt framlegg om at Stortinget skulle erklæra den globale oppvarminga som nasjonal naudsituasjon i Noreg.[15]

Å spele død er ei protestform som vart nytta på Naturhistorisk museum i London den 22. april 2019. Fleire hundre menneske la seg ned under skjeletta til utdøydde dinosaurar og øgler.[16] I Noreg vart ei slik protestform nytta då 30 aktivistar frå Extinction Rebellion la seg ned utanfor inngangen til Equinor sitt Oslo-kontor om morgonen den 13. mai 2019.[17]

Essaysamlinga This is not a drill: An extinction rebellion handbook inneheld strategi og råd for planlegging av ikkje-valdelege aksjonar i Extinction Rebellion rørsla sitt namn.

XR i Storbritannia

«Rebellion Day» på Blackfriars Bridge, 17. november 2018
Foto: Julia Hawkins

Extinction Rebellion vart oppretta i Storbritannia i mai 2018 med rundt hundre akademikarar som signerte ei oppmoding til handling til støtte i oktober 2018,[18] og vart lansert i slutten av oktober av Roger Hallam, Gail Bradbrook, Simon Bramwell og andre aktivistar frå kampanjegruppa 'Rising Up!'[18] Den 9. desember 2018 vart eit anna ope støttebrev underteikna av ytterlegare hundre akademikarar.[19]

Ei første samling fann stad på Parliament Square i London 31. oktober, og trakk meir enn tusen menneske til å høyre opprørserklæringa[20] mot den britiske regjeringa. Her deltok mellom anna Greta Thunberg, britiske miljøpolitikarar og journalistar som skriv om miljøsaker. I etterkant vart 15 deltakarar arresterte for ein protest i kjørebanen.[20]

Den 17. november 2018, i det som vart kalla «Rebellion Day», deltok rundt 6000 menneske i ein koordinert aksjon for å sperre dei fem hovudbruene over Themsen i London i fleire timar. Aksjonen førte med seg stor uro av trafikk etterfølgt av 70 arrestasjonar.[21][22][23][24][25] The Guardian skildra det som «ei av dei største handlingane med fredeleg sivil ulydnad i Storbritannia på fleire tiår.»[21][26]

Frå Extinction Rebellion si markering i «sommaropprøret» i Bristol 16. juli 2019

Seinare fann det stad punktvise aksjonar av XR rundt om i landet. «Sommaropprøret» frå 15. til 20. juli 2019 vart arrangert i Bristol, Leeds, Cardiff, Glasgow og London. Protestane i desse byane fokuserte på fleire trugsmål: stigande havnivå, flaum, brannar, tap av avlingar og ekstremvêr, med fem ulike farga båtar merkte «Act Now» og andre meldingar på kvar stad.[27] Det var monalege avbrot i trafikken på protestplassane.[28]

XR i andre land

Extinction Rebellion Australia heldt ein «erklæringsdag» 22. mars 2019 i Melbourne, Adelaide, Sydney og Brisbane. Demonstrantar samla og protesterte for å krevje at regjeringar og media erklærer klimakrisa som ein naudssituasjon. På tampen av den internasjonale opprørsdagen, 15. april, okkuperte ei XR-gruppe underhuset til parlamentet.[29]

Aksjonar vart planlagde for veka som startar 15. april 2019, i 27 andre land inkludert Irland, Australia, Canada, Frankrike, Sverige, Tyskland, Colombia, New Zealand[21][30][31] og i New York City for ein nasjonal handlingsdag for USA.[32]

15. april okkuperte XR-aktivistar delar av Den internasjonale straffedomstolen i Haag og danna menneskelege kjedar før dei vart arresterte.[33] Liknande handlingar vart organiserte av XR-grupper i Berlin, Heidelberg, Brussel, Lausanne, Madrid,[34] Denver og Melbourne.[35] I New York City, den 17. april, samla ei XR-gruppe på 300 seg utanfor rådhuset for å krevje at byrådet erklærer ein klimakriminalitet med over 60 arresterte etter å ha okkupert gata og hengt banner frå lyktestativ.[36][37] 19. april forstyrra XR-aktivistar ei jernbanelinje i Brisbane, Australia.[38]

International Rebellion

Hausten 2019 heldt XR aksjonar over to veker som dei kalla International Rebellion".[39] Det blei halde markeringar i over 60 byar overheile verda.[40]

Måndag 7. oktober 2019 heldt Extinction Rebellion (XR) ein global dag av sivil ulydnad i store byar over heile verda.[41] Demonstrantar i Berlin samla seg ved Sigerssøyla nær Brandenburgporten om morgonen.[42] Demonstrasjonen fortsette til Potsdamer Platz om kvelden, der det på eit tidspunkt var 3000 demonstrantar til stades, ifølgje lokale media. Demonstrantar blokkerte vegar i heile Australia og New Zealand,[43] og politi i Sydney arresterte minst 30 personar.[41] I Amsterdam blei over 100 demonstrantar arresterte etter at dei sette opp ein teltleir på hovudvegen utanfor Rijksmuseum.[41] I Paris okkuperte rundt 1000 demonstrantar støtta av gule vestar-rørsla eit kjøpesenter.[41] I Wien blokkerte demonstrantar traffik i byen.[41]

London

I London planla gruppa aksjonar frå 7. til 19. oktober for å kreva at styresmaktene skulle gjera noko for å takla klimakrisa.[40][44] Ein "opningsseremoni" fann stad 6. oktober ved Marble Arch med over tusen menneske til stades.[45][46] 7. oktober stoppa demonstrantar normalt virke i Westminster i sentrale London ved å blokkera Whitehall, The Mall, Westminster Bridge, Lambeth Bridge, Trafalgar Square, Downing Street og Victoria Embankment.[47] 8. oktober hadde ei delgruppe av Extinction Rebellion som omfatta vitskapsmannen Matthew Shribman organisert ein leveranse av 1000 utanfor Det britiske parlamentet.[48][49] Dei 650 første var øyremerkte britiske parlamentsmedlemmer.[50][51] Over 400 parlamentsmedlemmer henta trea sine, og nokre av dei gjekk offentleg inn for å raska på skogplantinga i landet.[52]

10. oktober forstyrra aktivistar tilgangen til London City Airport, og to aktivistar som hadde kjøpt bilettar forseinka to flyavgangar.[53][54] 11. oktober hindra aktivistar tilkome til BBC sitt hovudkvarter Broadcasting House.[55][56] Den 11. oktober var over 1000 menneske blitt arresterte.[57]

Red Brigade-demonstrantar ved London Stock Exchange

12. oktober heldt XR ein «gravferdsprosesjon» langs Oxford Street som ifølgje dei hadde 20 000 deltakarar.[58]

14. oktober okkuperte hundrevis av XR-aktivistar Bank junction utanfor Bank of England i finansdistriktet City of London, for å demonstrera mot finansinstitusjonar som støtter miljø-øydelegging ("funding environmental destruction").[59][60] Den kvelden la politiet ned forbod mot alle Extinction Rebellion-protestar i heile London under seksjon 14 av Public Order Act 1986.[61][62] Rundt same tid byrja politiet å reinska Trafalgar Square for folk og telt, som dei tidlegare hadde late vera okkupert.[62]

Forbodet blei kraftig kritisert.[63][64] XR klaga avgjerda inn for retten.[65] 6. november avgjorde high court at avgjerda var lovstridig fordi ho gjekk utover rammene gjevne politiet av loven.[66]

XR fortsette med ein protest utanfor Department for Transport den 15. oktober, i protest mot stadig utbygging av vegar og flyplassar.[67]

16. oktober heldt mødrer med småbarn ein sitt-ned-aksjon utanfor Google sitt hovudkvarter i London, i protest mot at selskapet gav pengar til klimaskeptikarar.[68] Ved same bygning klatra XR Youth oppå inngangen til YouTube sitt kontor med eit banner som sa: «YouTube, stop climate denial».[68]

17. oktober retta aktivistar protestar mot tog- og undergrunnstenester nær finansdistriktet Canary Wharf ved å klatra oppå eller lima seg sjølv til tog i Shadwell, Stratford og Canning Town.[69] Ved Canning Town blei ein aktivist dregen av eit tog og banka av rasande reisande.[69][70] XR blei kritisert for å gje blanda signal ved å blokkera offentlege transportmiddel.[71][72][73][74][75] XR bad om orsaking gjennom ei pressemelding,[76] og ein talsmann for rørsla kalla protesten eit stort sjølvmål.[77]

18. oktober blei Oxford Circus blokkert med ein pyramidstruktur laga av trestokkar, som nokre låste seg fast til og andre klatra oppa.[78][79] Ein aktivist klatra halvvegs opp Big Ben ved hjelp av eit stillas som stod der og opna to store protestbanner.[80][81]

20. oktober blei det halde ein protest-performance i National Portrait Gallery mot at galleriet tok imot sponsormiddel frå BP.[82] Protesten fann stad på den siste dagen av BP Portrait Award-utstillinga.[83]

«International Rebellion» skal ha hatt 30 000 aktivistar i London.[84]

XR i Noreg

Demonstrasjon mot cruisetrafikken i Kristiansand i oktober 2019.

Extinction Rebellion Norge er ei norsk avdeling av den internasjonale XR-rørsla, og er registrert som ein sjølvstendig samskipnad frå desember 2018.[3] Førsteamanuensis Inger Østenstad ved Universitetet i Oslo er registrert som styreleiar, og Dag Kolstø er talsmann for XR i media, elles er lite offentleg kjent om medlemsmassen.[85] Internt er det ingen hierarktisk organisatorisk struktur.[9]

Stønader frå ikkje-medlemmer

25 representantar frå norsk kulturliv, akademia og forskingsinstitusjonar sluttar seg til opprørserklæringa til Extinction Rebellion Norge. Erklæringa startar med å referere til § 112 i Grunnloven:[86]

«Opprørserklæring
Grunnlovens paragraf 112, første ledd
Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. ....»

Under «International Rebellion» som starta 15. april 2019, kom handlingar og fråsegner om stønad frå ulike kjelder, inkludert ein tale av skodespelaren Emma Thompson, eit planlagt besøk av skolestreikleiar Greta Thunberg, og utsegner frå tidlegare Nasa-forskar James Hansen og lingvist og aktivist Noam Chomsky.[87]

Ein studie utført dei to første dagane av okkupasjonen i midten av april i London fann at 46 % av dei spurde støtta opprøret,[88] Likevel fann ei større meiningsmåling seinare at stønaden hadde gått ned og at 52 % av dei spurde no motsette seg handlingar som hadde som mål å «stenge London»[89] då protestane 17. april blokkerte tilgangen til transportmiddel inkludert bussar.[90][91]

I mai 2019 stod Roger Hallam og åtte andre som kandidatar i vala til Europaparlamentet i London og South West England- valkrinsane som uavhengige av klimautfall.[92][93] Mellom desse vann dei 7416 av dei over 3,9 millionar totale stemmar som vart gjeve i dei to valkrinsane.[94][95]

I juni 2019 bad meir enn 1000 helsepersonell inkludert spesialistar, akademikarar og prominente frå helseinstitusjonar i Storbritannia, om utbreidd ikkje-valdeleg sivil ulydnad som svar på «sårt utilstrekkeleg» regjeringspolitikk for utfolding av økologisk krise. Dei bad politikarar og nyheitsmedium om å møte fakta om den utbreidde økologiske naudsituasjonen og setje i verk tiltak. Dei støtta skolestreikrørsla og opprøret mot utrydding.[96]

I juli 2019 lanserte Trevor Neilson, Rory Kennedy og Aileen Getty Climate Emergency Fund,[97][90] inspirert av Greta Thunberg og demonstrantar for Extinction Rebellion i Storbritannia i april.[91] Det gav nesten ein halv million pund til opprørsgrupper i New York City og Los Angeles og skolestreik for klimagrupper i USA.[97][90][91]

Måloppnåing

Nokre av måla til Extinction Rebellion er blitt nådde. 1. mai 2019 erklærte Det britiske parlamentet ein klimatisk naudsituasjon, som det første landet i verda.[98] Det same hadde mange lokale styresmakter i landet gjort.[99][100] Før det britiske parlamentsvalet i 2019 heldt Channel 4 den første fjernsynsdebatten om klimaendingrar nokonsinne med partileiarar til stades.[101]

Rørsla bidrog til å auka merksemda kring globale miljøproblem i 2019.[102] Ho voks kraftig, og ved byrjinga av oktober 2019 fanst det rundt 485 ulike grupper knytte til Extinction Rebellion i verda.[103] Ho blei kritisert for å støyta frå seg moglege støttespelarar og kasta bort politiressursar gjennom taktikkane sine, men fekk nokså stor støtte i ei britisk meiningsmåling, særleg blant den yngste befolkningsgruppa.[104]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff