Eurovision Song Contest 1971

Eurovision Song Contest 1971 (ESC 1971) var den 16. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Gaiety Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Monaco vann konkurransen med songen «Un Banc, Un Arbre, Une Rue», framført på fransk av Séverine.

Eurovision Song Contest 1971
Dato
Vertskap
Stad
Gaiety Theatre
Det irske flagget Dublin i Irland
Programleiar(ar)
Bernadette Ní Ghallchóir
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
 Malta
Attende
 Finland
 Noreg
 Portugal
 Sverige
 Austerrike
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Monaco «Un Banc, Un Arbre, Une Rue»
Eurovision Song Contest
1970 1972
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Det nye stemmesystemet som vart innført dette året, førte til at nokre land gav færre poeng enn andre. Om dette vart utnytta for å øydeleggje vinnarsjansane for andre land, er likevel usikkert. Dette året kunne grupper på opptil seks personar delta i tevlinga for fyrste gong. Tidlegare hadde berre solistar og duoar vore tillate.

Monaco sitt vinnarbidrag vart skrive av franskmenn, framført av ein fransk songar busett i Frankrike, sunge på fransk, og orkesteret vart dirigert av ein franskmann. Songaren Séverine har seinare hevda at ho aldri har vitja Monaco, korkje før eller sidan.

Malta deltok for fyrste gong dette året, medan Finland, Noreg, Portugal, Sverige og Austerrike kom tilbake etter å ha boikotta konkurransen året før. (Austerrike hadde heller ikkje delteke i 1969.)

Bidraga

Finale

Nr.LandArtistSongSpråkPlassPoeng
1.  AusterrikeMarianne Mendt«Musik»Wiener-dialekt (tysk)1666
2.  MaltaJoe Grech«Marija l-Maltija»Maltesisk1852
3.  MonacoSéverine«Un banc, un arbre, une rue»Fransk1128
4.  SveitsPeter, Sue & Marc«Les illusions de nos vingt ans»Fransk1278
5.  Vest-TysklandKatja Ebstein«Diese Welt "Tysk3100
6.  SpaniaKarina«En un mundo nuevo»Spansk2116
7.  FrankrikeSerge Lama«Un jardin sur la terre»Fransk1082
8.  LuxembourgMonique Melsen«Pomme, pomme, pomme»Fransk1370
9.  StorbritanniaClodagh Rodgers«Jack in the Box»Engelsk498
10.  BelgiaLily Castel & Jacques Raymond«Goeiemorgen, morgen»Nederlandsk1468
11.  ItaliaMassimo Ranieri«L'amore è un attimo»Italiensk591
12.  SverigeFamily Four«Vita vidder»Svensk685
13.  IrlandAngela Farrell«One Day Love»Engelsk1179
14.  NederlandSaskia & Serge«Tijd»Nederlandsk685
15.  PortugalTonicha«Menina do alto da serra»Portugisisk983
16.  JugoslaviaKrunoslav Slabinac«Tvoj dječak je tužan»Kroatisk1468
17.  FinlandMarkku Aro & Koivistolaiset«Tie uuteen päivään»Finsk884
18.  NoregHanne Krogh«Lykken er»Norsk1765

Kjelder