Erik Waaler

Erik Waaler (fødd 22. februar 1903 i Hamar, død 3. mars 1997 i Bergen) var ein norsk lege. Han var bror til Georg Waaler og Rolf Waaler.

Erik Waaler
Fødd22. februar 1903
Hamar kommune
Død3. mars 1997
Bergen
NasjonalitetNoreg
Områdepatologi, rettsmedisin
Yrkelege, professor, patolog
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnPer Erik Waaler
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Erik Waaler var professor i patologi ved Universitetet i Bergen (UiB) frå 1948 til 1971 og var rektor same stad i to periodar. Han vart verdskjend då han oppdaga ein spesiell faktor i blodet til revmatikarar, som var grunnlaget for ein test som har fått stor diagnostisk utbreiing.

Biografi

Han voks opp på Hamar og tok medisinsk embetseksamen i Oslo 1927. Han gjorde sjukehusteneste både i Hamar og i Oslo, før han vart privatpraktiserande lege i Hamar i 1929. Frå 1930 vart han assistenlege ved Hærens bakteriologiske laboratorium i Oslo fram til 1933. Etter å ha jobba ved fleire sjukehus tok han doktorgrad i medisin med. 1935 på avhandlinga Studies on the Dissociation of the Dysentery Bacilli. Han reiste så på eit 11 månaders stipendopphald i 1936-1937 ved Department of Pathology, Columbia University i New York. Etter å ha jobba ei stund ved ved patologisk-anatomisk avdeling på Ullevål sykehus 1937–38 og var prosektor ved den tilsvarande avdeling på Rikshospitalet 1938–1940. I 1941 vart hn tilsett ved dr.med. F. G. Gades Pathologisk Anatomiske Laboratorium i Bergen og vart verande i Bergen resten av livet, der han arbeidde med patologi og rettsmedisin.

I 1939 gjorde Waaler den kjende oppdaginga si i blodet til revmatikarar. Dette klarte han ut frå arbeidet han gjorde med antistoff. Etter andre verdskrigen var Waaler aktivt med i førebuingane til å opprette medisinsk utdanning ved universitetet i Bergen. I 1947 vart han professor i patologisk anatomi og rettsmedisin og var i to år dekanus for det nye medisinske fakultetet. 1954 til 59, det vil sei i to periodar, var han rektor ved universitet.

Waaler var òg delaktig i å opprette tannlegeutdanninga i Bergen, og at Universitetet i Tromsø fekk medisinstudium i 1968.

Utmerkingar

Erik Waaler var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1947 og av Selskapet til Vitenskapenes Fremme frå 1952 samt æresmedlem i fleire medisinske organisasjonar. Han mottok Fridtjof Nansens belønning frå Det Norske Videnskaps-Akademi i 1964 og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1959 og til kommandør i 1973.

Kjelder

«Erik Waaler» av Øivind Larsen i Store norske leksikon, snl.no.