Eriesjøen

Eriesjøen (engelsk Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km² og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km³ vatn.

Eriesjøen
innsjø
Soloppgang over Eriesjøen nær Cleveland
Land Canada,  USA
OmrådeGrensa mellom Canada og USA
TilsigDetroitelva
UtløpNiagaraelva
Opphaldstid2,6 år
Høgd over havet174 moh.
Lengd388 km
Breidd92 km
Areal25 745 km²
Middeldjupn19 m
Største djupn64 m
Volum484 km³
Kystlengd14 385 km
Koordinatar42°30′N 81°00′W
Øyar24+
ByarBuffalo
Erie
Toledo
Monroe
Cleveland
Kart
Eriesjøen
42°15′00″N 80°59′59″W / 42.25°N 80.999722222222°W / 42.25; -80.999722222222
Wikimedia Commons: Lake Erie
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Sjøen er kalla opp etter irokesarstammen erie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.

Kart over Eriesjøen (mørkblå) og dei andre store sjøane

Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.

Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Eriesjøen