Eric Thorsell

Eric Thorsell (fødd 28. desember 1898 i Munktorp, død 7. september 1980 i Surahammar) var ein svensk organisasjonsmann og aktivist aktiv i arbeidarrørsla, fråhaldsrørsla og i seksualopplysningsrørsla. Han arbeidde som jarnarbeidar ved jarnverket i Surahammar.

Eric Thorsell
StatsborgarskapSverige
Fødd28. desember 1898
Munktorp
Død

7. september 1980 (81 år)
Surahammars kommun

YrkeLHBT-aktivist

Thorsell vart fødd som uekte son av ei tenestejente. Thorsell vart tidleg fråhaldsmann og IOGT-godtemplar, og fekk si «utdanning» gjennom den lokale IOGT-foreininga sitt bibliotek og eit vinterkurs på Brunnsviks folkhögskola. Politisk tilhøyrte han Socialdemokratarna og hadde òg kommunale verv som politikar.

Riksförbundet För Sexuell Upplysning

Thorsell oppdaga tidleg at han var homofil og vart sterkt påverka av Elise Ottesen-Jensens seksualopplysningsarbeid som også inkluderte større samfunnsmessig aksept for homoseksualitet. Ottesen-Jensen oppmuntra han til å arbeida særskilt for homofile sine rettar, og vinteren 1931-32 fekk han med tilrådingsbrev frå Ottesen-Jensen høve til å besøka Instituttet for Seksualvitskap i Berlin, leia av pioneren for den tyske homorørsla, Magnus Hirschfeld. På 1930-talet prøvde han å starta eit svensk tidsskrift for homofile samt ei skandinavisk interesseforeining for det same. Han heldt 10. februar 1933 det som må ha vore eitt av dei første offentlege foredraga i Sverige om homoseksualitet, med tittelen Är de homosexuella rättslösa eller förbrytare?.

To veker seinare vart Riksförbundet För Sexuell Upplysning skipa, med Ottesen-Jensen som leiar. Thorsell engasjerte seg frå starten i opplysningsarbeidet generelt og homosaka spesielt.

Thorsell engasjerte seg òg seinare i diskusjonar om homoseksualitet, og var involvert då den svenske homoorganisasjonen Riksförbundet För Sexuellt Likaberättigande vart skipa i 1950.

Kjelder