Emeritus
Emeritus og emerita (frå latin: uttent) er vanlege nytta nemningar om mannlege (emeritus) og kvinnelege (emerita) professorar som har gått av frå stillinga ved eit universitet på grunn av høg alder, professor emeritus. Ofte er ein professor emeritus framleis i teneste på universitet ei tid framover, men då på eit lausare grunnlag enn tidlegare, men emeritus er inga offisiell stillingsnemning.
I somme høve vert nemningane òg nytta for andre pensjonerte tenestemenn med akademisk utdanning, framfor alt biskopar som har gått av, biskop emeritus.
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom