Embers

song frå 2021 med James Newman
«Embers»
Song av James Newman
LandStorbritannia
SpråkEngelsk
Utgjeve11. mars 2021
SjangerPop, elektropop
Lengd02:55
SelskapBMG
Låtskrivar(ar)James Newman, Conor Blake Manning, Danny Shah, Samuel Brennan, Tom Holling
ProdusentDevin The Great, Pringle Dan

«Embers» (norsk 'glør') er ein britisk popsong frå 2021 med James Newman. Låten vart utgjeven 11. mars 2021 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på sisteplass utan poeng.

Om songen

Newman skreiv songen saman med den Grammy-nominerte låtskrivaren Conor Blake Manning, den platina-seljande songar-låtskrivaren Danny Shah og tekstforfattarane Samuel Brennan og Tom Holling. Dei to sistnemnde har skrive låtar som har passert over 250 millionar strøymingar dei siste 18 månadene før mars 2021.[1]

«Embers» vart produsert av musikkprodusentane «Devin The Great» og «Pringle Dan», medan dei svenske musikkarrangørane Mattias Bylund og Magnus Johansson stod bak brass-delen til songen.[1]

«Embers» er ein rask og positiv dansesong, ifølgje Newman. Tittelen tyder 'glør', og songen «handlar om gnisten mellom menneske som elskar kvarandre. Sjølv om du ikkje ser dei du er glad i heile tida, tyder det ikkje at gneista ikkje er der», sa Newman då songen vart lansert.[1]

«Embers» vart offentleggjord i ei morgonsending på BBC Radio 2 torsdag 11. mars 2021. Songen vart òg utgjeven for digital nedlasting og strøyming same dag.[2]

Eurovision Song Contest

I 2019 samarbeidde Newmans plateselskap BMG med kringkastaren BBC om å finne ein passande låt og artist til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2020. BMG foreslo James Newman, og etter ein liten tenkjepause sa han ja, fordi Eurovision Song Contest er ein «feiring av musikken».[3] Låten han skulle framføre, var «My Last Breath». Då Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, fekk Newman tilbod om å representere landet i 2021 i staden, noko han takka ja til.[2][4]

«Embers» var det britiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Som eitt av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai 2021.[1] Songen enda sist av 26 deltakarar. Låten fekk ingen poeng frå korkje juryane eller sjåarane, som det fyrste bidraget etter at det noverande poengsystemet vart innført i 2016. Dette var òg andre gong Storbritannia fekk null poeng i Eurovision Song Contest; fyrste gong var med gruppa Jemini i 2003.

Listeplasseringar

Liste (2021)Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[5]47
Litauen (AGATA)[6]45
Nederland (Single Top 100)[7]80
Storbritannia (UK Singles Chart)[8]47
Sverige (Sverigetopplistan)[9]97

Utgjevingshistorikk

RegionDatoFormatMerkeRef.
Diverse11. mars 2021Digital nedlasting, strøymingBMG[10]

Kjelder