Elvar i Litauen

Wikimedia-listeartikkel

Elvane i Litauen er typiske lågtlandselvar som renn sakte i vide dalar i eit meandermønster. På grunn av ein god del nedbør er det tett i tett med elvar og i snitt renn det 0,99 km med elv på kvar kvadratkilometer.[1] Elvane er derimot ikkje jamt fordelt. Den høgaste tettleiken finn ein i høglandet i Samogitia der det regnar meir og i nordlege område der jordsmonnet har leire og vatnet ikkje like lett trekk inn i jorda. Den lågaste tettleiken finn ein søraust i Litauen der jordsmonnet har mykje sand og regnet raskt trekk ned i jorda.

Elva Šventoji nær Vepriai

Nesten 70 % (om lag 49 600 km²) av Litauen vert drenert via Nemunas og sideelvane hennar. Dei andre fem flodområda er små og ligg nær grensene: Mūša-Nemunėlis (Lielupe; 8 976 km²), Venta (5 140 km²), Daugava (1 857 km²), småelvar som renn direkte ut i Austersjøen (2 523 km²) og Pregolja (54 km²). Om vinteren frys alle elvane til og om våren er det som regel flaum i alle elvane på grunn av smeltevatnet, men det er som regel berre i elvedeltaet til Nemunas at vatnet går over breiddene. I dag vert flaumane kontrollert av demningar.

Under Sovjetunionen (1945-1990) vart mange av elvane øydelagd av drenering. Mange myrområde vart drenert og dei gav ikkje lenger vatn til elvane. Andre småelvar vart retta opp og omgjort til dreneringskanalar.

Litauen har om lag 29 000 elvar og bekkar som er lengre enn 250 meter. Den totale lengda til alle desse elvane er rundt 65 000 km. Talet på elvar og bekkar som er lengre enn 3 km har vorte kalkulert til å vere nøyaktig 4 418. 758[2] elvar er lengre enn 10 km og 21 elvar er lengre 100 km.

Lengste elvar

#NamnLengd (km)MunningViktigaste byar
TotaltI Litauen
1Nemunas937475Den kuriske lagunenHrodna, Druskininkai, Alytus, Kaunas, Sovetsk
2Neris510235NemunasVilnius, Kernavė, Jonava, Kaunas
3Venta346161AustersjøenVenta, Kuldīga, Ventspils
4Šešupė298209NemunasMarijampolė, Kudirkos Naumiestis, Krasnoznamyonsk
5Šventoji246246NerisAnykščiai, Kavarskas, Ukmergė
6Nevėžis209209NemunasPanevėžys, Kėdainiai
7Merkys203190NemunasBaltoji Vokė, Merkinė
8Minija202202NemunasSalantai, Gargždai, Priekulė
9Nemunėlis199160Lielupe
10Dysna17358Daugava
11Jūra172172NemunasRietavas, Tauragė
12Mūša157140Lielupe
13Lėvuo145145MūšaBauska
14Šušvė135135Nevėžis
15Dubysa131131NemunasŠiauliai, Ariogala
16Širvinta129129ŠventojiŠirvintos
17Švėtė11850LielupeŽagarė
18Šešuvis115115Jūra
19Kotra10924Nemunas
20Mituva102102NemunasJurbarkas
21Bartuva10155AustersjøenSkuodas

Virvyčia (99,7 km) er like opp under 100 km lang. Lengda til Žeimena er omdiskutert og kan vere så lang som 114 km.

Fototar

Kjelder