Ein as-Sultan

ʿEin as-Sulṭān eller ʿAin Sulṭān-leiren (arabisk مخيّم عين سلطان) er ein landsby og palestinsk flyktningleir i Jeriko guvernement aust på Vestbreidda i Jordandalen, 1 kilometer nordvest for Jeriko nær kjelda ʿEin as-Sulṭān. ʿEin as-Sulṭān hadde eit folketal på over 1 469 innbyggjarar i 2006.[1] I 1997 utgjorde flyktningar 81% av folkesetnaden.[2]

ʿEin/ʿAin as-Sulṭān
مخيّم عين سلطان, Ayn al-Sulṭān
kommune
Land Dei palestinske territoria
GuvernementJeriko guvernement
Koordinatar31°52′40.24″N 35°26′46.24″E / 31.8778444°N 35.4461778°E / 31.8778444; 35.4461778
Folketal 1 732  (2005)
Grunnlagd1948
Kart
Ein as-Sultan
31°52′40″N 35°26′46″E / 31.877844444444°N 35.446177777778°E / 31.877844444444; 35.446177777778
Wikimedia Commons: Ein el-Sultan Camp

Historie

Den første permanente busetnad nær den gamle Jeriko var ved Ein as-Sultan-kjelda mellom 8000 og 7000 fvt. av eit ukjent folk, og bestod av ei rekkj murar, ein heilagdom, eit sju meter høgt tårn med ei indre trapp. Etter nokre hundreår vart denne fråflytta og ein ny busetnad vart oppretta i 6800 fvt. like i nærleiken.[3]

Krossfararane utbetra vassmøllene ved Ein as Sultan for å knuse sukkerrøyr i tawahin es-sukkar (sukkermøller) og eksportere sukkeret til Jerusalem.[4][5] Det var krossfararane som innførte sukkerrøyr produksjon i byen.[6]

ʿEin as-Sulṭān-leiren vart grunnlagd i 1948, på 870 mål med tørt land nedanfor Freistingsfjellet. Like før seksdagarskrigen hadde leiren kring 20 000 flyktningar. Under krigen flykta mange over Jordanelva til Jordan.[7]

I 1987 prøvde styresmaktene å drive bort så mange flyktningar som dei klarte. USA-amerikanske rapportar skreiv om flyktningar som leid under «særs vanskelege øknomiske tilhøve».[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff