Eilean Mhealasta

Eilean Mhealasta (Mealista Island) er ei folketom øy vest for Lewis i Ytre Hebridane i Skottland. Ho har fått namnet sitt frå Mealista, ein nærliggande landsby på Lewis.

Eilean Mhealasta
Geografi
Eilean Mhealasta is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar58°05′N 7°08′W / 58.08°N 7.13°W / 58.08; -7.13
ØygruppeYtre Hebridane

Areal1,24 km²

Høgaste punktCnoc Àrd (77 moh.)

Administrasjon
LandSkottland
RegionYtre Hebridane

Demografi
Folketal0

Historie

I Mealista låg helgenskrinet til St. Catan, men det er ikkje kjend om øya sjølv hadde ein busetnad med culdear.

Ein kan framleis sjå ruinar av gamle bygningar. I 1823 vart øya ein del av ein sauegard. Etter den tid har ho ikkje hatt busetnader som ein veit om. Ei segn seier at alle som var fødde på Eilean Mhealasta ville verte evneveike når dei var vaksne. Haswell-Smith meiner at det kan ha vore landeigaren som starta dette ryktet for å få innbyggjarane til å flytte.

I 1785 søkte ein båt frå Mealista med tømmerlast ly frå uvêr heilt sør på øya ved Pairc. Ein høyrde aldri meir til mannskapet og i landsbyen rekna dei med at dei var forsvunne på havet. Sommaren etter på den årlege marknaden i Stornoway vart det seld tepper frå Mealista, og det kom skuldingar om at mannskapet var myrda for tømmerlasta si.[1]

Øya vert framleis nytta som beitemark for sauer.[2]

Kjelder

58°5′N 7°8′W / 58.083°N 7.133°W / 58.083; -7.133{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side