Kart over Dongtingsjøen, med dei største elvane som munnar ut i han
Dongtingsjøen er ein stor og grunn innsjø i den nordaustlege delen av provinsen Hunan i Kina. Han er basseng for Chang Jiang, storleiken på innsjøen varerier såleis mykje, avhengig av årstida. Provinsane Hubei og Hunan er kalla opp etter kvar dei ligg i høve til innsjøen. Hubei tyder «nord for sjøen» og Hunan tyder «sør for sjøen» på kinesisk.
På Han-dynastiet si tid var Dongtingsjøen den største innsjøen i Kina, men opp gjennom hundreåra har han skrumpa inn grunna landvinning for jordbruket. Han er no mindre enn Poyangsjøen, og rangert som den nest største innsjøen i Kina.
I perioden frå juli til september renn flaumvatn frå Chang Jiang ut i innsjøen. Han veks kraftig, og vidar seg ut frå normalt 2 820 km² til heilt opp i 20 000 km². Fire elvar munnar ut i Dongtingsjøen: Xiang Jiang, Zi Jiang, Yuan Jiang og Lishui. Dessutan munnar Xiao Jiang ut i Xiang Jiang tett ved Changsha, før Xiang Jiang munnar ut i innsjøen.