Dogri (devanagari: डोगरी, urdualfabetet: ڈوگرى), i Pakistan og Pakistansk Kashmir òg kalla pahari (devanagari पहाड़ी, urdualfabetet پھاڑی), er eit indoarisk språk som blir brukt i Pakistan og India, hovudsakleg i regionen Jammu i Jammu og Kashmir, men òg i det nordlege Panjab, Himachal Pradesh, andre delar av Kashmir og andre stadar.[1]Dogri vert tala av den etniske gruppa dogra, og den dogri-talande regionen vert kalla Duggar.[2] Det har rundt 5 millionar talarar.[3]
Dogri vert klassifisert som ein medlem av den vestlege paharigruppe av indoariske språk.[4] Dogri er eit tonespråk,[5] noko som er uvanleg for indoeuropeiske språk. Dette særpreget har det til felles med andre vestlege paharispråk og med panjabi.