Diyarbakır

(Omdirigert frå Diyarbakir)

Diyarbakır (osmansk-tyrkisk دیاربکر, Diyâr-ı Bekr; armensk Դիարբեքիր, Diarbeqir; kurdisk ئامه‌د, Amed; syrisk ܐܡܝܕ, Amid ) er ein av dei største byane søraust i Tyrkia. Han ligg ved breidda av elva Tigris og er det administrative senteret i provinsen Diyarbakır. Han har 843 460 innbyggjarar (2011), den nest største byen i Søraust-Anatolia etter Gaziantep.

Diyarbakır
Amed / Amid
by
Sentrum av Diyarbakır
Land Tyrkia
RegionSøraust-Anatolia
ProvinsDiyarbakır
Høgd675 moh.
Koordinatar37°55′N 40°14′E / 37.91°N 40.24°E / 37.91; 40.24
Folketal 843 460 [1]
BorgarmeisterOsman Baydemir
TidssoneEET (UTC+2)
 - SommartidEEST (UTC+3)
Postnummer21x xx
Retningsnummer(0090)+ 412
Kart
Diyarbakır
37°54′39″N 40°14′12″E / 37.910833333333°N 40.236666666667°E / 37.910833333333; 40.236666666667
Wikimedia Commons: Diyarbakır
Nettstad: [1]

Byen er eit handelssenter for eit rikt jordbruksoppland. Frå gammalt av kjend for sine kopar-, gull- og sølvsmedarbeid. Byen har hatt universitet sidan 1973. Det største turistmålet er den 5 km lange bymuren av svart basalt og med mange tårn. Av dei mange moskeane i byen er Uli Jami den viktigaste.

Historie

I antikken heitte Diyarbakır Amida og vart ein romersk koloni i år 230 evt. og seinare romersk hovudfestning ved øvre Tigris. Seinare vart byen omkjempa av austromarar, persarar, arabarar, kurdarar og fleire fram til han vart tyrkisk i 1515.

Klima

Diyarbakır har eit halvtørt klima. Somrane er særs varme og tørre, på grunn av nærleiken til den mespotamiske sletta der han får dei varme vindane frå ørkenane i Syria og Irak i sør. Varmerekorden i byen er 44,8°C den 28. august 1998. Vintrane er kalde og våte med frost om natta. Det er vanleg med snø mellom desember og mars, med snø ei veke og to om gangen. Kulderekorden er −23,4°C den 30. desember 2006.

Vêrdata for Diyarbakır
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Gjennomsnittleg maks °C6,69,114,520,326,533,738,538,133,225,115,9922,5
Gjennomsnittleg min °C−2,3−1,12,46,81116,821,620,815,7103,5−0,38,7
Gjennomsnittleg nedbør mm63,468,267,864,338,79,30,90,8632,653,269,7474,9
Gns. luftfukt (%)75726765594331313551697556
Gns. solskinstimar i månaden120,9134,4173,6207300,7366387,5362,7297229,4162117,82 859
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]Weatherbase [2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Diyarbakır