Distrikt på Kypros

(Omdirigert frå Distrikta på Kypros)

Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt[1] som igjen er delte inn i 39 kommunar[2] og 485 lokalstyrte busetnader.[3]

Kart som viser distrikta på Kypros
  1. Levkosía
  2. Kerýnia
  3. Ammókhostos
  4. Lárnaka
  5. Lemesós
  6. Páfos

Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.[4]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrte busetnader.[3][5]

Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».

Referansar