Dirty rice

Dirty rice er ein tradisjonell risrett frå Sørstatane i USA.[1] Han blir kalla dirty ('skitten') på grunn av den litt skitne fargen gjeven av innvolane og krydderet ein har oppi.[1][2] Eit anna namn på retten er rice dressing.[3]

Svinekotelettar servert med dirty rice.

Ein lager typisk dirty rice med kvit ris, kyllingkjøt som krås, lever og andre innvolar. Ein kan også bruka kjøtdeig frå svin eller storfe, særleg i variantar kalla rice dressing.[4] Andre ingrediensar er grøn paprika, selleri, lauk[5] og krydder som cayenne og svart pepar.[6] Vanleg garnityr er persille og vårlauk.

Dirty rice er særleg knytt til cajunfolk og louisianakreolar. Slike blanda risretter er vanlege i afroamerikansk og karibisk matlaging.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikibooks Cookbook har oppskrifter for: Dirty rice
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dirty rice