Diageo

Diageo plc (/diˈædʒioʊ/) er eit britisk fleirnasjonalt selskap for alkoholhaldig drikke, med hovudkontor i London. Det opererer frå rundt 132 stader rundt om i verda.[3] Det er ein stor distributør av skotsk whisky og andre alkoholdrikkar. Destilleriane som har Diageo som eigar produserer 40 % av all skotsk whisky med over 24 merke, som Johnnie Walker, J&B og Vat 69.[4]

Diageo


Skipa17. desember 1997
EigarBlackRock,[1] Capital Group Companies[1]
Eigenandel iCîroc
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
Produktalkoholhaldig drikke
Adm.dir.Ivan Menezes (juli 2013)[2]
Nettstadhttp://www.diageo.com

Dei leiande merka til føretaket inkluderer Johnnie Walker, Guinness, Smirnoff, Baileys-likør, Captain Morgan-rom og Tanqueray og Gordon's Gin.

Diageo har hovudnotering på London Stock Exchange og er ein del av FTSE 100-indeksen. Det har sekundærnotering på New York Stock Exchange.

Namn

Namnet Diageo blei funne på av merkevarekonsultasjonen Wolff Olins i 1997.[5] Namnet er sett saman av det latinske ordet diēs, som tyder ‘dag’, og den greske rota geo-, som tyder ‘verda’. Det er meint å visa til selskapet sitt motto «Celebrating Life, Every Day, Everywhere».[6][7]

Historie

Diageo blei danna i 1997 då Guinness plc og Grand Metropolitan fusjonerte. Fusjonen var driven av leiarane Anthony Greener og Philip Yea ved Guinness og George Bull og John McGrath ved Grand Metropolitan.[8][9] Anthony Greener var den fyrste administrerande styreleiaren.[10] Ein byrja handla med aksjane i Diageo på London Stock Exchange den 17. desember 1997.[11]

Diageo selde gin-merket Bombay Sapphire til Bacardi i 1997.[12]

I 1998 selde føretaktet det skotske whiskymerket Dewar til Bacardi.[13]

I 2000 selde det kakeselskapet Pillsbury til General Mills.[14]

I 2001 kjøpte Diageo opp vin- og brennevinsføretaka til Seagram.[15]

I 2002 selde Diageo snøggmatkjeda Burger King til eit konsortium leia av det amerikansk selskapet Texas Pacific for 1,5 milliard dollar.[16]

I 2003 gjekk Diageo inn i ein joint venture med tequila-merket Jose Cuervo for å kjøpe Don Julio Tequila, og selde Jose Cuerva 50 % av aksjene for 100 millionar dollar.[17]

I februar 2011 gjekk Diageo med på ein avtale om å kjøpa det tyrkiske alkoholselskapet Mey Icki for 2,1 milliard dollar.[18][19]

I mai 2012 inngjekk Diageo ein avtale om å kjøpa cachaçaprodusenten Ypiócai Brasil, for 300 millionar pund.[20]

I juni 2012 kunngjorde Diageo ei investeringar på 1 milliardar pund i skotsk whiskyproduksjon i løpet av dei neste fem åra. I tillegg til å utvida eksisterande destilleri skulle verksemda byggja minst eitt nytt, og total produksjonskapasitet skulle aukast med 30 til 40 prosent.[21][22] Planane omfatta likevel ikkje den opphavlege produksjonsstaden for Johnnie Walker i Kilmarnock, som allereie hadde stengt i mars det året.[23]

I november 2012 kjøpte Diageo 53,4 % av aksjane i det indiske brennevinselskapet United Spirits for 1,28 milliardar pund.[24][25]

Diageo hadde kontrollerande eigardel i Sichan Chengdu Shuijingfang Group Company frå 2011, og kjøpte det heilt opp i 2013.[26]

I november 2014 gjekk Diageo med på å selja Bushmills irsk whisky til Beckmann-familien mot 408 millionar dollar og full eigarskap av tequila-merket Don Julio.[27]

I april 2015 kjøpte Diageo 100% av aksjane i den sørafrikanske ølprodusenten United National Breweries (UNB),[28] men det blei kunngjort i desember 2018 at Diageo hadde skrive ein avtale om å selja UNB att.[29]

I desember 2015 kunngjorde Diageo ei investering på 10 millionar dollar i det danske whiskymerket Stauning, for å underbyggja utvidinga av produksjonen.[30]

I juni 2017 blei det amerikanske tequila-merket Casamigos del av Diageo-verksemda.[31]

I august 2019 kjøpte Diageo mesteparten av Seedlip, eit britisk merke av alkoholfrie drikkar.[32]

I oktober 2022 blei det kunngjort at Diageo hadde kjøpt det australske kaffilikørmerket Mr Black.[33]

Diageo eig blant anna produkt som:[34]


Single malt Scotch whisky: Classic Malts of Scotland, Auchroisk, Benrinnes, Blair Athol, Caol Ila, Cardhu, Clynelish, Cragganmore, Dailuaine, Dalwhinnie, Dufftown, Glendullan, Glenkinchie, Glen Elgin, Glen Spey, Inchgower, Knockando, Lagavulin, Linkwood, Mannochmore, Mortlach, Oban, Royal Lochnagar, Singleton, Strathmill, Talisker, Teaninich.

Blended Scotch whisky: Bell's, Black & White, Buchanan's, Johnnie Walker, J&B, Logan, Old Parr, Vat 69, White Horse.

Irsk whiskey: Roe & Co

Amerikansk whisky: Balcones, Bulleit, George Dickel, Seagram's Seven Crown

Canadisk whisky: Crown Royal, Piehole Whiskey

Brandy: Cîroc VS

Vodka: Cîroc, Ketel One, Smirnoff

Rom: Bundaberg, Cacique, Captain Morgan, Pampero, Zacapa

Blanda drinkar: Loyal 9 Cocktails, Smirnoff Cocktails

Likør: Baileys, Pimm's, Sheridan's, Mr Black

Tequila: Casamigos, Don Julio, DeLeón

Gin: Aviation Gin, Gilbey's, Gordon's, Tanqueray

Diverse: McDowell's

Baijiu: Shui Jing Fang (kinesisk 水井坊)[35]

Rakı: Altınbaş, Civan Rakı, İzmir Rakısı, Kulüp Rakı, Tayfa Rakı, Tekirdağ Rakısı, Yeni Rakı[36]

Cachaça: Ypióca

Øl: Guinness, Harp Lager, Hop House 13, Kilkenny, Meta Abo, Rockshore Irish Lager, Senator, Smithwick's, Tusker,[37]

Sider: Rockshore Apple Cider[38]

Hard seltzer: Rockshore Hard seltzer[39]

Diageo har òg ein eigardel på 34% i Moet Hennessy-avdelinga i det franske luksusvareføretaket LVMH.[40]

 

Hovudkvarter

Diageo har hovudkontor i Great Marlborough Street i London, etter å ha flytta dit frå Park Royal i London Borough of Brent,[41] på staden for eit tidlegare Guinness-bryggeri som blei stengt i 2004.[42][43] Diageo hadde det fyrste hovudkontoret sitt ved Henrietta Place i Marylebone-distriktet i City of Westminster i London, frå 1996. Diageo kunngjorde i 2009 at dei skulle stenga Henrietta Place-anlegget som ein del av nedskjeringar i kostnader, og flytta medarbeidarane sine til Park Royal-området.[44]

Kjelder

Bakgrunnsstoff