Det nicaraguanske flagget
Det nicaraguanske flagget blei teke i bruk i Nicaragua den 4. september 1908, men blei først teke i bruk som nasjonalflagg den 27. august 1971. Utforminga av flagget byggjer på flagget til Den mellomamerikanske føderasjonen. Det er vassrett delt i blått, kvitt og blått. I midten av den kvite stripa er det nicaraguanske riksvåpenet.
Det nicaraguanske flagget har mange likskapar med det til El Salvador og det til Honduras, som også har tre vassrette striper i dei same fargane. Desse landa utgjorde saman med Guatemala og Costa Rica den mellomamerikanske føderasjonen frå 1823. Denne unionen hadde frå byrjinga nettopp blått, kvitt og blått i sitt flagg.
Flagget med riksvåpen gjer teneste som nasjonalflagg, handelsflagg, statsflagg og orlogsflagg, men kan også nyttast utan riksvåpen, då som alternativt nasjonalflagg.
Historiske flagg
- Aug. 1823-nov. 1824
- Nov. 1824-apr. 1854
- Dei sameinte provinsane i Sentral-Amerika,, 1823-1825
- Den føderale republikken i Sentral-Amerika, 1825-1841
- 1852-1854 (hevda)
- Apr. 1854-1858
- Apr. 1854-1858 (statsflagg)
- Apr 1854-1858 (orlogsflagg)
- Flagget til Nicaragua under William Walker
- 1858-1873
- 1873-1889
- 1889-1893 (hevda)
- 1893-1896
- 1896 nov. 1898
- Nov. 1898-nov. 1898
- Apr.-des. 1898
- 1908-1971
- Flagget til Mosquitokysten
- Flagget til Mosquitokysten, 1860-1894
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Nicaragua ved at Flags of the World