Den første rock and roll-songen

Det er mange kandidatar til kva song som kan kallast den første rock and roll-songen og det er omdiskutert om det i det heile tatt finst ein slik song. Som alle former for musikk har har rock and roll mange og djupe røter, men det er klart at rock and roll utvikla seg i perioden mellom 1916 – då orda «rockin' and rollin'» første gong vart høyrt på plate - og 1956, då «rock and roll» hadde vorte ein internasjonal musikksjanger og eit samfunnsmessig fenomen.

Opphav til rock and roll

For meir om dette emnet, sjå rock and roll.

Musikalsk og samfunnsmessig oppstod rock and roll i USA seint i 1940-åra og tidleg i 1950-åra. På denne tida vart det gjort mange blandingar mellom country (hovudsakleg spelt og høyrt på av kvite folk), western swing og rhythm and blues, som igjen bestod av fleire sjangrar (som t.d. jump blues, Chicagoblues og doo-wop) og som hovudakleg vart spelt av og høyrt på av svarte folk. Desse musikalske blandingane på tvers av sjangergrensene kom mellom anna av dei delte opplevingane under den andre verdskrigen, at musikken vart spreidd på radio og auka platesal. Fleire plater frå denne tida er ofte omtalt som «den første rock 'n' roll-plata». Av desse finn ein:

Det er derimot mange andre kandidatar, og mange trådar som til saman førte fram til rock and roll kan sporast tilbake til tidlegare plater. Boka What was the first rock'n'roll record av Jim Dawson og Steve Propes[2] diskuterer 50 mogeleg songar, frå Illinois Jacquet sin «Blues, Part 2» (1944) til Elvis Presley sin «Heartbreak Hotel» (1956), utan at dei kjem fram til ein endeleg konklusjon.

I 2004 oppstod ein debatt mellom Elvis sine tilhengjarar, samt mange i musikkindustrien, som hevda at «That's All Right Mama» var den første rock and roll-songen, og dei som hevda at Bill Haley sin «Rock Around the Clock» var den første. Begge desse hadde 50-årsjubileum dette året. Musikkmagasinet Rolling Stone tok det kontroversielle valet å utrope Elvis sin song til den første rock and roll-innspelinga.

Elvis sjølv ville derimot ikkje vore eining. I boka si Race, Rock and Elvis siterer Michael T. Bertrand han på dette emnet:

«Mange menneske meiner at eg starta denne industrien, men rock 'n' roll var her lenge før meg. Ingen kan synge slik musikk som farga folk. La oss innsjå det, eg kan ikkje synge slik som Fats Domino kan. Det veit eg.»

Mogelege kandidatar til «den første rock and roll-plata»

Songane i lista under er med anten på grunn av tekstinnhaldet, medan andre er med på grunn av melodiske, harmoniske eller rytmiske faktorar som gjer at dei kan verte rekna som ein rock 'n' roll-song. Lista inneheld ikkje berre musikk frå tidleg i 1950-åra, men òg songar som var forgjengarar til songar som vart kjend som rock and roll.

1910-åra

1916

  • Første gongen uttrykket «rocking and rolling» vart spelt inn på late ser ut til å ha vore Little Wonder Records # 339, «The Camp Meeting Jubilee» av ein ukjend mannleg vokalkvartett.[1][3] Denne songen har tekstlinja «We've been rockin' an' rolling in your arms / Rockin' and rolling in your arms / In the arms of Moses.» Men innhaldet er her tydeleg religiøst og ikkje verdsleg.

1920-åra

1922

  • «My Man Rocks Me (With One Steady Roll)» av Trixie Smith. Sjølv om han vart spelt med etterslag og var ein av dei første «around the clock»-tekstane, var dette ein saktegåande blues i moll, og var ikkje rock and roll slik ein ser på sjangeren i dag. Tittelen viser derimot til den opphavlege seksuelle tydinga av orda rock og roll[4].

1927

  • «Kansas City Blues» av Jim Jackson. Dette var ein populær bluessong og kanskje ein av dei første platene som selde over ein million eksemplar.[5][6]. Melodilinja vart nytta om igjen og utvikla av Charlie Patton («Going To Move To Alabama») og Hank Williams («Move It On Over») før han dukka opp i «Rock Around The Clock». Tekstinnhaldet kom òg før Leiber og Stoller sin «Kansas City». Han inneheld tekstlinja «It takes a rocking chair to rock, a rubber ball to roll», som Bill Haley seinare nytta i hans «Sundown Boogie» frå 1952.

1928

  • «It's Tight Like That» av Tampa Red med pianist Georgia Tom (Thomas A. Dorsey) var ei populær, tidleg hokum-plate, som kombinerte slibrig landleg humor med sofistikerte musikalske teknikkar. Med Chicago Five vart seinare Tampa Red seinare ein pioner innan «Bluebird»-sounden, medan Dorsey vart «gospelmusikken sin far».
  • «Pine Top's Boogie Woogie» av Clarence «Pinetop» Smith var ein av dei første boogie-woogie-innspelingane og den første som hadde den klassiske rock and roll-referansen til «the girl with the red dress on» som vart fortalt «not move a peg» før ho kunne «shake that thing» og «mess around». Smith sin melodi kom igjen frå Jimmy Blythe sin «Jimmy's Blues» frå 1925.[6].

1930-åra

1932

  • «Tiger Rag» av The Washboard Rhythm Kings var ei innspeling nesten ute av kontroll med skrikande vokal, rare tigerbrøl og vaskebrett[7]. Denne innspelinga er ein forgjengar for jugband og skifflegrupper som hadde den same ville, uformelle kjensla som tidleg rock and roll hadde.

1936

  • «Skippy Whippy» og «Hittin' The Bottle Stomp» av The Mississippi Jook Band var to særs rytmiske instrumentale innspelinga av ein trio på gitar, piano og tamburin, og hadde dei vorte spelt inn to tiår seinare med full forsterking hadde dei truleg vorte rekna som rock and roll[8].
  • «Oh! Red» av The Harlem Hamfats var ein hitsingel av ei lita gruppe av jazz- og bluesmusikarar samla saman av J. Mayo Williams for at dei skulle lage ei suksessfull danseplate. Dei vart sett på som noko nytt då dei kom og formatet fekk stor innverknad. Fleire av innspelingane til gruppa hadde mange referansar til sex og dop.[9].
  • «I Believe I'll Dust My Broom», «Crossroad Blues» og andre innspelingar av Robert Johnson. Sjølv om han ikkje var særleg suksessrik på denne tida påverka han direkte utviklinga av chicagoblues og då han vart gjeve ut på ny i 1960-åra hadde han stor innverknad på rockemusikarar på denne tida.

1937

  • «Sing, Sing, Sing» av Benny Goodman (skrive av Louis Prima) hadde fleire tromme-break av Gene Krupa, som både musikalsk og som underhaldar var ein forgjengar for trommeslagarar i rock and roll.

1938

1939

  • «Rockin' Rollin' Mama» av Buddy Jones, ein 12-taktsblues spelt som Western swing av ein kvit countryartist og bandet hans, inkludert Moon Mullican på piano. Songen hadde tekstlinjene:
Waves on the ocean, waves in the sea,
But that gal of mine rolls just right for me
Rockin' rollin' mama, I love the way you rock and roll
You ease my troubled mind and pacify my weary soul[13].

1940-åra

1940

  • «Boogie Woogie Bugle Boy» av The Andrews Sisters inneheld mange element seinare nytta i rock and roll. Dette er det beste dømet til gruppa, men dei hadde òg andre innspelingar som «Beat Me Daddy Eight to the Bar».[14]Begge desse vart skrive av sam person, Don Raye.
  • «Down the Road a Piece» av Will Bradley Orchestra, var ein glatt boogie-song spelt inn i august 1940 med trommeslagar «Eight Beat Mack» Ray McKinley som hadde vokal på songen i lag med låtskrivar Don Raye. Songen vart seinare ein rock and roll-standard, spelt inn av mange mange rockeartistar som Amos Milburn, Chuck Berry, The Rolling Stones, Jerry Lee Lewis, Foghat og Bruce Springsteen. 1940-utgåva til Will Bradley er den første verkelege rocke-utgåva av songen, trass i at han vart spelt inn 15 år før rock and roll vart populært.
  • «New Early In The Morning» og «Jivin' The Blues» av John Lee «Sonny Boy» Williamson, er to døme på sentrale og rytmiske bluesinnspelingar på Lester Melrose sitt plateselskap Bluebird, og av dei første der trommer (av Fred Williams) dominerer innspelinga[15].

1942

  • «Rock Me» av the Lucky Millinder Orchestra med Sister Rosetta Tharpe på ekstatisk vokal og elektrisk gitar er ein gospelsong framført som ein byblues.[16].
  • «Flying Home» av Lionel Hampton and his Orchestra, med tenor sakssolo av Illinois Jacquet danna ein modell for alle seinare rock and roll-soloar: kjenslemessig, tutande, lang og ikkje berre ein instrumentalpause, men ein viktig del av songen. The Benny Goodman Sextet hadde ein populær hit med songen i 1939, men gjort som ein dempa «kammerjazz»-utgåve med giarist Charlie Christian. I 1944 gjorde Jacquet ein enno meir «honking» solo på «Blues, Part 2» som Jazz at the Philharmonic[2].

1943

  • «The Joint is Really Jumpin' at Carnegie Hall» av Judy Garland og Jose Iturbi i filmen Thousands Cheer er ikkje ber kjend for boogie-woogie-arrangementet men for tekstlinja «when they start to rock» som nyttar ordet «rock» i musikalsk meining, og ikkje som eit fleirtydig ord for sex. Garland var derimot langt frå den første som nytta ordet «rocking» i musikalsk meining på film. I 1938 song Gertrude Niesen songen «Rockin' The Town» i filmen Start Cheering og The Boswell Sisters fem år før det igjen i Transatlantic Merry-Go-Round med «Rock and Roll» (men merk at i Boswell-songen er det bølgjene som fører til «rocking and rolling» og det er ikkje ein seksuell referanse.)

1944

  • «Straighten Up and Fly Right» av the Nat King Cole Trio inneheld ikkje så mykje rock, men var ein populær hit med tekstar frå ei afroamarikansk soge, som kan minne om Bo Diddley, men utan den tunge rytmen.[17][11].
  • «I Wonder» av Cecil Gant, ein tidleg afroamerikansk balladeframføring som blei mykje omtyky[11].

1945

  • «The Honeydripper» av Joe Liggins, som blanda boogie-woogie-piano, jazz, og eit riff frå folkesongen «Shortnin' Bread» til ein dansesong som toppa R&B-lista i 18 veker.[2].

1946

  • Louis Jordan sin «Choo Choo Ch'Boogie» og «Let the Good Times Roll» (samt «Caldonia» frå 1945) var sentrale songar både musikalsk og innhaldsmessig, og vart populære hos både svarte og kvite publkum. Produsenten deira Milt Gabler produserte seinare Bill Haley sine hitsinglar og Jordan sin gitarist, Carl Hogan, på songar som «Ain't That Just Like A Woman» (òg 1946), inspirerte Chuck Berry sin gitarstil[11].
  • «House of Blue Lights» av Freddie Slack og Ella Mae Morse, den første kvite artisten som spelte det som i dag vert rekna som R&B[11][2].

1947

  • «Move It On Over» av Hank Williams, som nyttar same melodi som Jim Jackson sin «Kansas City Blues» frå 1927 og som igjen vart nytta i «Rock Around The Clock».
  • «Oakie Boogie» av Jack Guthrie, ein Western swing country boogie.
  • «Good Rocking Tonight» i to versjonar av Roy Brown og Wynonie Harris, begge svarte artistar. Brown sin orignale versjon er ein jump blues som parodierar gospelmusikk, og for første gong vert «rocking» nytta som eit fleirtydig uttrykk for dansing og sex. Harris sin versjon var mykje meir upbeat og rytmisk og nærare rock and roll, og førte til mange bluessongar som fekk ordet «rocking» i tittelen.[11][2]. Seinare vart han innspelt av Elvis Presley i ei energisk utgåve, samt ein mindre energisk utgåve av Pat Boone.
  • «We're Gonna Rock, We're Gonna Roll» av Wild Bill Moore, den første suksessrike plata med «tutande» saksofon, der tittelen vert ropt i bakgrunnen.[2].

1948

  • «Chicken Shack Boogie» av Amos Milburn, ein pianobasert boogie med referansar til alkohol og dansing til langt på natt, som vart ein stor hit.[11]
  • «Guitar Boogie» av Arthur «Guitar Boogie» Smith, opphavleg spelt inn i 1945. Den første boogie woogie-songen spelt inn på elektrisk gitar, og som var veldig inspirerande for seinare gitaristar[2][11].

1949

  • «Drinkin' Wine Spo-Dee-O-Dee» av Stick McGhee and his Buddies, ein tidleg «party»-song som seinare vart spelt inn av Jerry Lee Lewis[2].
  • «Rock And Roll» av Wild Bill Moore, eigentleg spelt inn året før. Ein rockande boogie der Moore repeterer «Were going to rock and roll, we're going to roll and rock» gjennom heile songen og endar med linja «Look out mamma going to do the rock and roll».[18]
  • Ein variant av Bill Moore-songen var «Rock and Roll Blues» av Erline 'Rock and Roll' Harris, ein kvinneleg songar, med teksten «I'll turn out the lights, we'll rock and roll all night»[19]
  • «We're Gonna Rock this Joint Tonight», òg kjend som «Rock the Joint», først spelt inn av Jimmy Preston, og vert ofte rekna som ein ein prototype rock and roll-song[2]. Han vart spelt inn i 1951 av Jimmy Cavallo og i 1952 av Bill Haley and the Saddlemen; Marshall Lytle, bassist for Comets, hevdar at dette var ein av songane som inspirerte Alan Freed til å kalla musikken han spelte for «rock and roll».
  • «Saturday Night Fish Fry» av Louis Jordan and his Tympany Five var ein stor og sentral hit. Songen fortel soga om ein fiskerestaurant i New Orleans fish fry som må legge ned etter eit politiraid, og som har refrenget «It was rocking»[2].
  • «The Fat Man» av Fats Domino, med Fats på wah-wah trumpet var den første av hans 35 Topp 40-songar. Det pågåande etterslaget i rytmeseksjonen dominerer. SOngen er basert på «Junker's Blues» av Willie «Drive'em Down» Hall[2].
  • «Rock Awhile» av Goree Carter vart spelt inn på Freedom Recrods i Houston, Texas. Carter hadde Chuck Berry-liknande gitar før Berry sjølv byrja å spele inn musikk.[20][21] Gitarriffet oppstod derimot fleire år tidlegare med T-Bone Walker.
  • «Rag Mop» av Johnnie Lee Wills og Deacon Anderson er ein sentral song med tekst som berre repeterte tittelen. Songen er meir kjend i ei innspeling av Ames Brothers i 1950.

1950-åra

1950

  • «Rock Me to Sleep», skrive av Benny Carter og Paul Vandervoort II og spelt inn av Helen Humes med the Marshall Royal Orchestra.
  • «Birmingham Bounce» av Hardrock Gunter, ein av dei første referansane til «rockin'» på dansegolvet[2][11].
  • «Hot Rod Race» spelt inn av Arkie Shibley and His Mountain Dew Boys med tema som raske bilar[2].
  • «Sixty Minute Man» av the Dominoes (spelt inn 30. desember 1950). Dette var den første (og tydlegaste) store R&B-hitten som gjekk over på poplista. Gruppa med Clyde McPhatter, spelte mange gonger på Alan Freed sine tidlege program.[2][11].

1951

  • «How High The Moon» av Les Paul og Mary Ford (spelt inn 4. januar 1951), vart den første store hitten som nytta elektroniske effektar som overdubbing, og var ein av dei første songane med ein elektrisk gitarsolo.[2].
  • «Rocket 88» (spelt inn 5. mars 1951) av Jackie Brenston and his Delta Cats (eigentleg Ike Turner and the Kings of Rhythm), og same året spelt inn på nytt av Bill Haley and the Saddlemen. Begge versjonane av denne songen er fleire gonger vorte kalla den aller første rock and roll-innspelinga. Brenston sin song hadde stor innverknad på grunn av stilen og teksten, og gjorde at Sun Records vart oppretta. Haley sin versjon var ein av dei første kvite innspelingane av ein R&B-hit og danna grunnlaget for den vidare karrieren hans.[2][11].
  • «Boogie Woogie Blues» spelt inn i New York i mai 1951 av Charlie Graci. Seinare la han til ein «e» på slutten av namnet og i 1957 selde orignalversjonanen hans meir enn to millionar eksemplar.

1952

  • «Hound Dog» av Willie Mae «Big Mama» Thornton (spelt inn 3. august 1952), ein rusten R&B-song spelt inn med Johnny Otis sitt band og skrive av dei kvite tenåringane Jerry Leiber og Mike Stoller. Songen vart ein stor hit for Elvis Presley i 1956.[2].
  • «Rockin' An' Rollin'», spelt inn av Charlie Gracie i New York i 1952.

1953

  • «Crazy Man, Crazy» av Bill Haley and his Comets (spelt inn i april 1953) var den første av innspelingane hans som gjekk inn på Billboardlista. Songen var ein orignal og Haley fortalte seinare at han hadde høyrt uttrykket på ein skuledans der bandet hans spelte.[11].

1954

  • «Shake, Rattle and Roll» av Big Joe Turner (spelt inn 15. februar 1954) og seinare spelt inn på ny av Bill Haley and his Comets. Turner sin versjon gjekk til topps på R&B-lista i juni 1954. Halye sin vesjon som har heilt anna tekst og arrangement var den første internasjonale rock and roll-hitten, og kom faktisk før «Rock Around the Clock», sjølv om sistnemnde vart spelt inn tidlegare. Elvis Presley si utgåve frå 1956 kombinerte Haley sitt arrangement med Turner sin tekst, men han vart ikkje noko stor hit.[2].
  • «Sh-Boom» av The Chords (spelt inn 15. mars 1954), og The Crew-cuts. I dette tilfelle hadde sistnemnde berre ein bleik kopi. Songen vert rekna som ein sentral doo-wop-song.[2].
  • «Rock Around the Clock» av Bill Haley and his Comets (spelt inn 12. april 1954) var den første rock and roll-songen som gjekk til topps på salslista i USA. Songen har ofte fått æra for å spreie rock til dei store massane, i det minste til tenåringane. Han selde først relativt dårleg, men etter at Haley hadde suksess med to andre innspelingar, «Shake Rattle and Roll» og «Dim, Dim The Lights» og filmen vart nytta som opningssong i filmen Blackboard Jungle vart han særs populær.[2].
  • «That's All Right (Mama)» av Elvis Presley (spelt inn i juli 1954). Ei utgåve av av denne Arthur Crudup-songen var Elvis sin første singel. På B-sida var ein tilsvarande rockeversjon av Bill Monroe sin bluegrass-song «Blue Moon Of Kentucky», og vert av mange rekna som den første rock and roll-songen.[2].

1955

Kjelder

Bakgrunnsstoff