Demyeliniserande sjukdom

Demyeliniserande sjukdomar er sjukdomar der myelinet kring nerveseller vert øydelagt. Demyeliniserande sjukdomar finst både i sentralnervesystemet og i det perifere nervesystemet.[1] Dei kan vera arvelege[2] eller til dømes oppstå etter infeksjonar.[3]

Demyelinisert vev frå ein pasient med multippel sklerose. Makrofagar er farga brune.

Multippel sklerose er eit døme på ein demyeliniserande sjukdom, og er den mest vanlege ikkje-traumatiske årsaka til invaliditet hjå unge vaksne.[4]

Kjelder

Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.