Delawarebukta

Delawarebukta (engelsk Delaware Bay) er ei djup bukt, og ei forlenging av utløpet til Delawareelva på den nordaustlege kysten av USA. Denne bukta forkortar sjøvegen mellom Philadelphia og Baltimore, og må også brukast av alle skip som skal til hamna i Philadelphia. Bukta har eit areal på rundt 2030 km².[1] Ferskvatnet frå elva som renn ut i bukta blandar seg i mange kilometer med saltvatnet frå Atlanterhavet.

Delawarebukta
bukt
Land USA
Del avAtlanterhavet
Kart
Delawarebukta
39°04′00″N 75°10′00″W / 39.066666666667°N 75.166666666667°W / 39.066666666667; -75.166666666667
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
Wikimedia Commons: Delaware Bay
Delaware Breakwater aust for Lewes.

Bukta grensar til kystane av dei amerikanske delstatane New Jersey og Delaware, og med Delaware-kappa, Cape Henlopen og Cape May, ved Atlanterhavet. Det går ei ferjerute til og frå Cape May i New Jersey og Lewes i Delaware. Forvaltinga av hamnene langs bukta er ansvaret til det tostatlege organet Delaware River and Bay Authority (DRBA).

Økologi

Elvene som renn ut i bukta dannar estuar, og ho er hovudsakleg er omkransa av saltsumper og mudderflater. Fleire av elvene og våtmarkene kring dei er verna, og Delawarebukta er rekna som ein ramsarstad i 1992. Dei dannar livsgrunnlaget for fleire vasslevande dyr, som krabbearten Limulus polyphemus og østersarten Crassostrea virginica.[2] Bukta er ein viktig stoppestad for over 30 artar av trekkande kystfuglar som trekk nordover i mai. Mange fuglar, som polarsnipe, nyttar bukta til å byggja opp energireservar gjennom å eta krabbeegg etter det lange trekket sitt. Delawarebukta husar den største populasjonen av krabbetypen dolkehalar i verda.[3][4][5][6][7]

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Delawarebukta