Debby Ryan

Deborah Ann «Debby» Ryan[3] (fødd 13. mai 1993)[4] er ein amerikansk skodespelar, songar-låtskrivar og plateprodusent.[2] Ho byrja spele i Disney Channel-serien Jessie i 2011. Ho er også kjend for rolla som Bailey Pickett i The Suite Life on Deck frå same kanal.

Debby Ryan

Debby Ryan at the Radio Rebel premiere in 2012.
Fødd13. mai 1993 (31 år)
FødestadHuntsville i Alabama i USA
FødenamnDeborah Ann Ryan
OpphavUSA
AktivFrå 2006
SjangerPop, country, folk[1]
Instrumentpiano, vokal
Tilknytte artistarThe Never Ending
PlateselskapRyan River Studio
Verka somSkodespelar, songar, låtskrivar, plateprodusent[2]
Gift medJosh Dun

Ryan blei fødd i Huntsville i Alabama.[4][5] Far hennar var i militæret, og ho voks opp fleire stader i Europa. Fram til ho var 10 år budde ho i Tyskland, og snakkar både tysk og engelsk.[6] Ryan byrja opptre i teater frå ho var sju år gammal, og har teke del i ulike talenttevlingar.[7]

I 2007 var ho med i Barney & Friends og DVD-en Barney: Let's Go to the Firehouse før ho blei oppdaga av Disney. Ho har også teke del i spelefilmen The Longshots (2008). I 2010 spelte ho i Disneykanal-filmen 16 Wishes, som hadde eit noko eldre publikum enn vanleg for kanalen.[8][9][10] Seinare tok Ryan del i indie-filmen What If.... I 2012 hadde ho ei hovudrolle som Tara Adams i Disney Channel-filmen Radio Rebel. I 2012 skipa ho bandet The Never Ending som først opptredde offentleg i 2013.[11]

Kjelder

Bakgrunnsstoff