Days of Future Passed

Days of Future Passed
Studioalbum av The Moody Blues
Språkengelsk
Utgjeve10. november 1967 (Storbritannia)
11. november 1967 (USA)
Innspelt9. mai – 3. november 1967
StudioDecca Studios i West Hampstead i London
Sjanger
Lengd41:34
SelskapDeram
Produsent
The Moody Blues-kronologi 
The Magnificent Moodies
(1965)
Days of Future PassedIn Search of the Lost Chord
(1968)


Singlar frå Days of Future Passed
  1. «Nights in White Satin»
    Utgjeve: 10 November 1967
  2. «Tuesday Afternoon»
    Utgjeve: 19. juli 1968

Days of Future Passed er det andre albumet og det første konseptalbumet til det engelske progrockbandet The Moody Blues, og kom ut i november 1967 på Deram Records.[10] Bandet vart med albumet og blandinga av symfoniske element og rock ein av dei første pionerane innan både symfonisk og progressiv rock.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[5]
The Music Box5/5 stars[7]
PopMatters9/10 stars[8]
Rolling Stone (1968)(middels)[9]
Rolling Stone (2007)(positiv)[10]
Spin(positiv)[11]
Sputnikmusic5/5[4]
Uncut4/5 stars[12]
Yahoo! Music(positiv)[13]

Albumet vart spelt inn på ei tid då The Moody Blues sleit med økonomiske vanskar og mangel på god omtale i musikkpressa og kommersiell suksess. Moderselskapet deira, Decca Records, tilbaud dei ein sjanse til å spele inn eit album i stereo som kombinerte musikken deira med mellomspel framført av orkester. Dei valde å komponere ein suite av songar om livet til ein vanleg mann, der gruppa og orkesteret stort sett spelte kvar for seg og så vart miksa saman. Det vart ein moderat suksess då det kom ut, men etter å ha blitt spelt jamt og trutt på radio og etter singelen «Nights in White Satin» vart ein hitt, klatra det inn på topp 10 i USA i 1972. Det har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste albuma frå 1967 av musikkmagasinet Rolling Stone.

Bakgrunn og innspeling

The Moody Blues hadde byrja som eit rhythm and blues-band, men innan seint i 1966 hadde dei hamna i økonomiske vanskar. Songaren og gitaristen Justin Hayward, som nettopp var komen inn i bandet, sa «me hadde ikkje pengar, ingenting».[14] I september 1967 vart dei i følgje gruppa spurt av plateselskapet Decca om å spele inn ein rockeversjon av Dvořák sin Niande symfoni for den nye etiketten deira, Deram Records, for å demonstrere den nyaste innspelingsteknologien sin, som dei kalla «Deramic Sound».[10] Men lydteknikaren Derek Varnals hevdar denne soga er feil og at det sjølv frå starten av innspelinga i 1967 aldri var snakk om å spele inn eit Dvořák-album og at snakk om dette prosjektet ikkje dukka opp før utpå 70-talet.[15]

Decca hadde eksperimentert med stereo for klassiske innspelingar og håpte å fange popmarknaden på same vis, med å blande klassiske innspelingar med gruppa si tolking av den same musikken.[14] I staden valde bandet (først utan at selskapet kjende til det), å fokusere på eit album basert på ein original musikal dei hadde arbeidd på, og miksa dette med klassiske arrangement av desse songane.[14][15] Klaverspelaren Mike Pinder hadde kjøpt ein Mellotron, eit klaverinstrument som spelar av eit lydband for kvar tangent, og skrive ein song, «Dawn is a Feeling» som utgangspunktet for eit konseptstykke om ein dag i livet til ein vanleg mann. Hayward skreiv «Nights In White Satin» om endringane mellom eit forhold og eit anna, og brukte sengelaken som ein metafor. Då Pinder la til strykarar på Mellotronen på songen til Hayward, forstod dei at dei hadde skrive noko merkverdig og ein høvande avslutning for songsyklusen.[14]

Innspelinga fann stad i Decca Studios i West Hampstead i London mellom 9. mai og 3. november 1967.[16] Bandet arbeidde med plateprodusenten Tony Clarke, Varnals og dirigenten Peter Knight.[5] Gruppa spelte inn og miksa innspelinga si først, og gav så lydbanda til Knight som arrangerte og spelte inn mellomspela for orkesteret.[14]

Innhald

Albumet inneheld musikk som psykedeliske rockeballadar[5] av Hayward og Pinder[10] og orkestermellomspel av London Festival Orchestra.[5] Bandet og orkesteret spelte faktisk berre i lag samstundes på den siste delen av «Nights In White Satin.»[14]

Musikkskribentar siterer albumet som eit tidleg døme på progressiv rock.[4][12][17] Bill Holdship i Yahoo! Music skreiv at bandet «skapte ein heilt ny sjanger her.»[13] David Fricke meinte det var eit av dei essensielle albuma frå 1967 og omtalte det som «nærare finare kunst enn psykedelia. Men det er ei skarp popkjensle i songane og ein trippande romantikk i spegeleffekten mellom strykarane og mellotronen til Mike Pinder.»[10] Will Hermes skreiv at albumet var eit essensielt progressivt rockealbum og hevda at bruken av Mellotronen gjorde det til eit «signaturinstrument» for sjangeren.[11] Som eit viktig verk i motkulturtida[18] kalla AllMusic-redaktøren Bruce Eder albumet «eit av dei definerande dokumenta i den blømande, psykedeliske tida, og eit av albuma frå den tida som framleis er populært i dag».[5]

Originalmiks og seinare miksar

I 1972 vart det oppdaga at masterlydbanda for Days of Future Passed var blitt skadd slik at berre viktige element av kvar song var att. På grunn av dette vart heile albumet miksa på nytt for nyutgjevingar mellom 1978 og 2017.[19] Somme samleplater har likevel nytta originalmiksen frå 1967 på enkelte songar.[20] Eit opptak frå den originale vinylmiksen, teken frå ei vinylplate og spelt inn med høg kvalitet, vart til slutt oppdaga og gjeve ut på CD i november 2017.[19]

Utgjeving

The Moody Blues spelte ikkje noko av musikken til sjefane i Decca før det var ferdig. Då dei høyrde det første gongen var dei skuffa med resultatet sidan det ikkje var Dvorak-arrangementa dei venta. Men Walt Maguire, ein representant for London Records (den nordamerikanske avdelinga til Decca) meinte det ville selje godt i USA, så dei gjekk med på å gje ut albumet som det var.[14]

Days of Future Passed kom ut 10. november 1967 i Storbritannia og 11. november i USA. Det nådde 27. plassen på UK Albums Chart.[21] I USA selde det jamt og trutt gjennom 1960-åra, godt hjelpt av at FM-radio spelte «Nights in White Satin», og det klatra omsider til tredjeplassen på den amerikanske Billboard-lista i 1972.[14][22]

Av dei sju songane på albumet var to av dei hitsinglar: «Tuesday Afternoon» (som på albumet var slått saman med «Evening: Time To Get Away» til ein enkel song kalla «The Afternoon: Forever Afternoon (Tuesday?)») og «Nights in White Satin» som nådde andreplassen på singellista i Storbritannia fem år etter albumet kom ut.

Mottaking

Då det kom ut var Rolling Stone lunken til albumet og skreiv «The Moody Blues har modnast mykje sidan 'Go Now', men musikken deira er stadig skjemd av eit av dei mest oppsiktsvekkjande sukkersøte førestillingane av 'venleik' og 'mystikk' som noko rockegruppe nokon gong har påverka.»[9] New York Magazine avskreiv det som «ein valdsam haug av tanke-gele.»[23] Albumet har sidan fått betre kritikk, som i Spin der det vart omtalt som ein klassikar innan progressiv rock.[11] I 2007 inkluderte Rolling Stone, som opphavleg hadde skildra det som «ei engelsk rockegruppe som kveler seg sjølv i konseptaktig kliss»[23], med på ei liste over essensielle album frå 1967.[24]

Days of Future Passed vart gjeven ut på lydband med kvadrofonisk lyd i 1977. Denne masteren vart òg nytta for ein 5.1-kringlydsmiks i 2001 og 2006.

Den 17. november 2017 vart originalmiksen av albumet gjeve ut på CD for første gongen som Days of Future Passed 50th Anniversary Deluxe Edition.[19]

Innhald

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolosongarLengd
1.«The Day Begins»
  • «The Day Begins»
  • «Morning Glory»
Peter Knight og Graeme Edge
  • Knight
  • Edge
  • Mike Pinder
  • Instrumental
  • Pinder (tale)
  • 5:50
  • 4:08
  • 1:42
  • 2.«Dawn: Dawn Is a Feeling»PinderJustin Hayward og Pinder3:48
    3.«The Morning: Another Morning»Ray ThomasThomas3:55
    4.«Lunch Break: Peak Hour»John LodgeLodge5:33
    Side B
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolosongarLengd
    1.«The Afternoon»Hayward og Lodge
  • Hayward
  • Lodge
  • Hayward og Lodge
  • Hayward
  • Lodge
  • 8:23
  • 5:06
  • 3:17
  • 2.«Evening»
  • «The Sunset»
  • «Twilight Time»
  • Pinder og Thomas
  • Pinder
  • Thomas
  • Pinder og Thomas
  • Pinder
  • Thomas
  • 6:40
  • 3:17
  • 3:23
  • 3.«The Night»
  • «Nights in White Satin»
  • «Late Lament / Resolvement»
  • Hayward, Edge og Knight
  • Hayward
  • Edge og Knight
  • Hayward og Pinder
  • Hayward
  • Pinder (tale)
  • 7:24
  • 5:38
  • 1:46
  • Bonusplate på luksusutgåva frå 2006
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
    1.«Tuesday Afternoon» (alternativ miks)Hayward4:20
    2.«Dawn Is a Feeling»Pinder2:19
    3.«The Sunset» (alternativ versjon utan orkester)Pinder2:49
    4.«Twilight Time» (alternativ vokal miks)Thomas2:27
    5.«Nights in White Satin» (monomiks frå singel utgjeve november 1967)Hayward4:26
    6.«Fly Me High» (innspelt 30. mars 1967; gjeve ut som singel mai 1967)Hayward2:54
    7.«I Really Haven't Got The Time» (innspelt 30. mars 1967; gjeve ut som B-side mai 1967)Pinder3:07
    8.«Love and Beauty» (innspelt 17. juli 1967; gjeve ut som singel september 1967)Pinder2:23
    9.«Leave This Man Alone» (innspelt 17. juli 1967; gjeve ut som B-side september 1967)Hayward2:58
    10.«Cities» (innspelt 17. juli 1967; utgjeve november 1967 som B-side til «Nights in White Satin»)Hayward2:23
    11.«Long Summer Days» (innspelt 19. mai 1967 og gjeven ut på Caught Live + 5)Hayward3:12
    12.«Please Think About It» (innspelt 29. juni 1967 og gjeven ut på Caught Live + 5)Pinder3:40
    13.«Don't Let Me Be Misunderstood» (live 9. mai 1967 for BBC Saturday Club)Bennie Benjamin, Gloria Caldwell, Sol Marcus2:23
    14.«Love and Beauty» (live 20. september 1967 for BBC Easybeat)Pinder2:12
    15.«Leave This Man Alone» (live 20. september 1967 for BBC Easybeat)Hayward2:52
    16.«Peak Hour» (live 20. september 1967 for BBC Easybeat)Lodge3:22
    17.«Nights in White Satin» (live 1. januar 1968 for BBC Dave Symonds)Hayward3:48
    18.«Fly Me High» (live 1. januar 1968 for BBC Dave Symonds)Hayward2:45
    19.«Twilight Time» (live 1. januar 1968 for BBC Dave Symonds)Thomas2:08
    22.Namnlaus (alternativ versjon)  
    Bonuspor på 2008-utgåva
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
    8.«Don't Let Me Be Misunderstood» (live 9. mai 1967 for BBC Saturday Club)Benjamin, Caldwell, Marcus2:23
    9.«Fly Me High» (innspelt 30. mars 1967; gjeve ut som singel May 1967)Hayward2:54
    10.«I Really Haven't Got the Time» (innspelt 30. mars 1967; gjeve ut som B-side May 1967)Pinder3:07
    11.«Love and Beauty» (innspelt 17. juli 1967; gjeve ut som singel September 1967)Pinder2:23
    12.«Leave This Man Alone» (innspelt 17. juli 1967; gjeve ut som B-side September 1967)Hayward2:58
    13.«Cities» (innspelt 17. juli 1967; released November 1967 as B-side to «Nights in White Satin»)Hayward2:23
    14.«Tuesday Afternoon (Alternate Mix)»Hayward4:20
    15.«Dawn Is a Feeling (Alternate Version)»Pinder2:19
    16.«The Sunset (Alternate Version without Orchestra)»Pinder2:49
    17.«Twilight Time (Alternate Vocal Mix)»Thomas2:27

    2017 Days Of Future Passed (50th anniversary deluxe set)

    Plate: 1 – Album & bonusspor
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolosongarLengd
    1.«The Day Begins»
    • «The Day Begins»
    • «Morning Glory»
    Peter Knight og Graeme Edge
  • Knight
  • Edge
  • Mike Pinder
  • Instrumental
  • Pinder (tale)
  • 5:50
  • 4:08
  • 1:42
  • 2.«Dawn: Dawn Is a Feeling»PinderJustin Hayward og Pinder3:48
    3.«The Morning: Another Morning»Ray ThomasThomas3:55
    4.«Lunch Break: Peak Hour»John LodgeLodge5:33
    5.«The Afternoon»
  • «Forever Afternoon (Tuesday?)»
  • «(Evening) Time to Get Away»
  • Hayward og Lodge
  • Hayward
  • Lodge
  • Hayward og Lodge
  • Hayward
  • Lodge
  • 8:23
  • 5:06
  • 3:17
  • 6.«Evening»
  • «The Sunset»
  • «Twilight Time»
  • Pinder og Thomas
  • Pinder
  • Thomas
  • Pinder og Thomas
  • Pinder
  • Thomas
  • 6:40
  • 3:37
  • 3:23
  • 7.«The Night»
  • «Nights in White Satin»
  • «Late Lament / Resolvement»
  • Hayward, Edge og Knight
  • Hayward
  • Edge og Knight
  • Hayward og Pinder

    taleyward

    • Pinder (tale)
    7:24
  • 5:38
  • 1:46
  • 8.«Long Summer Days» (1967 Studio Recordings - bonusspor)  3:15
    9.«Please Think About It» (1967 Studio Recordings - bonusspor)  3:44
    10.«Don’t Let Me Be Misunderstood» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  2:24
    11.«Love And Beauty» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  2:13
    12.«Leave This Man Alone» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  2:53
    13.«Peak Hour» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  3:22
    14.«Nights In White Satin» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  3:49
    15.«Fly Me High» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  2:46
    16.«Twilight Time» (BBC Radio Sessions - bonusspor)  2:08
    Plate 2 – Alternative versjonar og unytta opptak
    Nr.TittelLengd
    1.«THE DAY BEGINS»5:51
    2.«DAWN: Dawn Is A Feeling»3:49
    3.«THE MORNING: Another Morning»3:56
    4.«LUNCH BREAK: Peak Hour»5:29
    5.«THE AFTERNOON: Forever Afternoon (Tuesday?) / Time To Get Away»8:23
    6.«EVENING: The Sun Set: Twilight Time»6:40
    7.«THE NIGHT: Nights In White Satin»7:28
    8.«Tuesday Afternoon» (Alternate Mix)4:20
    9.«DAWN: Dawn Is A Feeling» (Alternate Mix)2:20
    10.«The Sun Set» (alternativ versjon utan orkester)2:50
    11.«Twilight Time» (original vokalmiks)2:28
    12.«Fly Me High» (A – side singel)2:55
    13.«I Really Haven’t Got The Time» (B – side singel)3:08
    14.«Love And Beauty» (A – side singel)2:25
    15.«Leave This Man Alone» (B – Side singel)3:00
    16.«Nights In White Satin» (A – side singel)4:29
    17.«Cities» (B – side singel)2:24
    Plate 3 – DVD 5.1 kringlydmiks & 96kHz / 24 – bit 1967 stereomiks
    Nr.TittelLengd
    1.«The Day Begins» (5.1 kringlydmiks)5:33
    2.«Dawn: Dawn Is A Feeling» (5.1 kringlydmiks)3:46
    3.«The Morning: Another Morning» (5.1 kringlydmiks)4:03
    4.«Lunch Break: Peak Hour» (5.1 kringlydmiks)7:40
    5.«The Afternoon» (5.1 kringlydmiks)8:26
    6.«Evening» (5.1 kringlydmiks)6:39
    7.«The Night» (5.1 kringlydmiks)7:39
    8.«The Day Begins» (24 – bit 1967 stereomiks)5:47
    9.«Dawn: Dawn Is A Feeling» (24 – bit 1967 stereomiks)3:47
    10.«The Morning: Another Morning» (24 – bit 1967 stereomiks)3:40
    11.«Lunch Break: Peak Hour» (24 – bit 1967 stereomiks)5:15
    12.«The Afternoon» (24 – bit 1967 stereomiks)8:25
    13.«Evening» (24 – bit 1967 stereomiks)6:37
    14.«The Night» (24 – bit 1967 stereomiks)7:39
    15.«Introduction» (Live MIDEM 1968-01-24)1:19
    16.«Peak Hour» (Live MIDEM 1968-01-24)4:08
    17.«Forever Afternoon (Tuesday?)» (Live MIDEM 1968-01-24)5:27
    18.«Nights in White Satin» (Live MIDEM 1968-01-24)4:42

    Salslister

    Album
    ÅrListePlassering
    1967UK Albums Chart27[21]
    1972Billboard 2003[22]
    Singlar
    ÅrSingelListePlassering
    1967«Nights in White Satin»UK Singles Chart19[25]
    1968«Tuesday Afternoon»Billboard Hot 10024
    1972«Nights in White Satin»UK Singles Chart9[26]
    Billboard Hot 1002

    Medverkande

    The Moody Blues:

    Teknisk

    • Tony Clarkeprodusent
    • Derek Varnals – lydteknikar
    • Hugh Mendl – leiande produsent, notat
    • Michael Dacre-Barclay - produksjon
    • David Anstey – design, måleri
    • Steven Fallone – digital ommastering

    Kjelder