Danny Kaye

amerikansk songar og skodespelar

Danny Kaye (18. januar 19113. mars 1987) var ein kjend komikar, skodespelar og songar frå USA.

Danny Kaye

StatsborgarskapUSA
Fødd18. januar 1911
Brooklyn
Død

3. mars 1987 (76 år)
Los Angeles

Yrkeskodespelar, songar, flygar, manusforfattar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, programleiar, plateartist, komikar
Språkengelsk
Høgd180 centimeter
Politisk partiDet demokratiske partiet i USA
EktefelleSylvia Fine
Nettstadhttp://dannykaye.com
Danny Kaye på Commons
Danny Kaye underheld amerikanske soldatar i Japan

David Daniel Kaminski blei fødd i Brooklyn i New York i USA til ukrainske innvandrarforeldre; faren var skreddar. Den unge Kaminski gjekk tidleg ut av skulen og arbeidde som underhaldar på hotell. Han blei oppdaga som skodespelar og gjorde etter kvart karriere både innan film og teater.

Broadwaydebuten kom i 1939 med The Straw Hat Revue. Ein av dei største suksessane hans der var Lady in the Dark frå 1941, der han i songen Tchaikovsky ramsa opp namna på 54 russiske komponistar på 38 sekund. Danny Kaye fekk i løpet av 1940-talet stjernestatus for mimikken og humortalentet sitt. Ein opptreden i London Palladium, der den britiske kongefamilien blei sagt å ha hylt av latter.

I 1944 kom den første spelefilmen hans, Up in Arms. Seinare spelte han i filmar som The Inspector General (1949), White Christmas (1954) og The Court Jester (1956). Fleire av filmane hans handla om dobbeltgjengarr, begge spelte av Kaye, som blei forveksla med kvarandre på underhaldande vis. Skodespelaren gjorde òg to biografiske rollar, som H. C. Andersen i filmen Hans Christian Andersen og som jazzpioneren Red Nichols i The Five Pennies.

Kjelder