Dance (Our Own Party)

song frå 2023 med The Busker
«Dance (Our Own Party)»
Song av The Busker

LandMalta
SpråkEngelsk
Utgjeve3. mars 2023
SjangerIndiepop
Lengd02:49
Låtskrivar(ar)David Meilak, Jean Paul Borg, Matthew James Borg, Michael Joe Cini, Sean Meachen

«Dance (Our Own Party)» (norsk omsetjing ‘dans (vår eigen fest)’) er ein song frå 2023 med det maltesiske indiepopbandet The Busker. Songen vann songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023 og var det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.[1]

Om songen

«Dance (Our Own Party)» er skriven av dei tre bandmedlemmane David Meilak, Jean Paul Borg og Sean Meachen. I tillegg har Matthew James Borg og Michael Joe Cini bidrege i låtskrivinga.

Songen blei skriven i 2022 og sendt inn til den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023, der vinnaren fekk representere landet i Eurovision Song Contest 2023.

I november 2022 blei The Busker stadfesta som ein av 40 deltakarar i Malta Eurovision Song Contest 2023.[2] I finalen laurdag 11. februar 2023 vann bandet tevlinga med «Dance (Our Own Party)». Som vinnar blei songen det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1]

«Dance (Our Own Party)» blei gjeven i studioinnspelt versjon 3. mars 2023, som nedlasting og på ulike strøymetenester.[3] Musikkvideoen blei gjeven ut 9. mars 2023 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.[4]

Eurovision Song Contest

Malta deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023 i Liverpool. Der enda songen på 15. og siste plass med 3 poeng.[5] Songen kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai.[6]

Listeplasseringar

Liste (2023)Høgaste
plassering
 Malta (BMAT PRS)[7]1

Kjelder