Cracklin' Rosie
Cracklin' Rosie Singel av Neil Diamond frå albumet Tap Root Manuscript | ||
B-side | «Lordy» | |
---|---|---|
Utgjeve | August 1970 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:56 | |
Selskap | Uni | |
Tekstforfattar | Neil Diamond | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Tom Catalano |
«Cracklin' Rosie» er ein song frå 1970 skriven og framført av Neil Diamond for albumet Tap Root Manuscript. Dette var den første songen til Diamond som gjekk til topps på Billboard Hot 100, noko han gjorde i oktober 1970,[1] og den tredjen som selde 1 million eksemplar.[1] Det vart gjennombrotet til Diamond i Storbritannia i 1970 med ein tredjeplass på singellista der. Han nådde òg andreplassen i Australia.[2]
Singelversjonen gjeven ut av Uni Records i 1970 var i mono, medan albumversjonen på Tap Root Manuscript var i stereo.
Tyding
Songen har ein fengande og dynamisk melodi og arrangement, og teksten ser ut til å handle ei «nattkvinne»:[1]
- Oh, I love my Rosie child —
- You got the way to make me happy.
- You and me, we go in style ...
- Cracklin' Rose, you're a store bought woman
- You make me sing like a guitar hummin' ...
I røynda er Cracklin' Rosie ein type vin. Diamond høyrte ei soge om indianske canadiarar. Stamma deira hadde fleire menn enn kvinner, så dei einsame mennene sat rundt eit bål og drakk vin i lag - noko som inspirerte han til å skrive songen.[1]
Tittelen har òg vorte tolka som ei feilstaving av ein rosévin som er «crackling», altså sprudlande.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Føregangar «En enkel sang om frihet» Gro Anita Schønn | Toppen av VG-lista Neil Diamond 5 veker, veke 2–6, 1971 | Etterfylgjar «My Sweet Lord» George Harrison |