County Tipperary

County Tipperary (irsk Contae Thiobraid Árann) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.Mellom 1838 og 2014 var Tipperary delt i to: North Tipperary og South Tipperary. Dei vart sameinte att gjennom Local Government Reform Act 2014.[1]Grevskapet har namn etter byen Tipperary. Dei største byane er Clonmel, Nenagh og Thurles.

County Tipperary
Contae Thiobraid Árann
Land Irland
Del avIrland
HovudstadNord: Nenagh
Sør: Clonmel
Areal4 303 km²
Folketal 149 040  (2006)
Folketettleik35 / km²
ProvinsMunster
BilnummerNord: TN
Sør: TS
Kart
County Tipperary
52°40′00″N 7°50′00″W / 52.666666666667°N 7.8333333333333°W / 52.666666666667; -7.8333333333333
Wikimedia Commons: County Tipperary

County Tipperary grensar til Galway og Offaly i nord, Laois og Kilkenny i aust, Waterford og Cork og Limerick og Clare i vest.

North Tipperary hadde administrasjonsbyen Nenagh og South Tipperary hadde administrasjonsbyen Clonmel. Denne delinga skjedde formelt alt ved opprettinga av de noverande grevskapa i 1898, og de facto er delinga av enno eldre dato. Dei to delane vart ei periode kalla ridings, men dette namnet vart avskaffa fordi det var ukorrekt; riding kjem frå gamalengelsk thriding, tredjedel, og vart brukt når eit område vart delt i tre.

Grevskapet er særleg kjend for hesteavl. Coolmore Stud er den største hesteoppdrettaren i verda. Det har òg særs godt jordbruksland.

Byar og landsbyar i County Tipperary

Irske namn i parentes.

  • Cahir - An Chathair
  • Carrick-on-Suir - Carraig na Siúire
  • Cashel - Caiseal
  • Clonmel - Cluain Meala
  • Fethard - Fiodh Ard
  • Kilkieran - Cill Chiaráin
  • Nenagh - An tAonach
  • Roscrea - Ros Cré
  • Templemore - An Teampall Mór
  • Thurles - Durlas
  • Tipperary - Tiobraid Árann

Kjelder