Cooper-par
- Artikkel
- Diskusjon
Eit Cooper-par eller BCS-par er to elektron (eller andre fermion) som er bundne saman ved låge temperaturar på ein måte som først vart skildra av den amerikanske fysikaren Leon Cooper.[1] Cooper synte at ei vilkårleg liten tiltrekning mellom elektron i eit metall kan skape ein par-tilstand for elektrona der dei har lågare energi enn Fermienergien, som impliserar at paret er bunde til kvarandre. I vanlege superleiarar skjer denne bindinga ved vekselverknad mellom eit elektron og eit fonon. Cooper-par-tilstanden er ansvarleg for superleiing, som synt i BCS-teorien utvikla av John Bardeen, Leon Cooper og John Schrieffer, som dei fekk Nobelprisen i fysikk for i 1972.[2]