Commercy

Commercy er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Meuse i Lorraine. Kommunen har om lag 6 000 innbyggjarar og ligg ved elva Meuse.

Commercy
Château Stanislas (Château de Commercy)
Château Stanislas (Château de Commercy)
Château Stanislas (Château de Commercy)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Meuse
Geografi
Flatevidd35,37 km²
Flatevidd
 - By

35,37 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

6 324
  179/km²
Koordinatar48°45′N 05°35′E / 48.750°N 5.583°E / 48.750; 5.583
Høgd over havet232 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer55200
Heimeside: www.commercy.org
Madeleinekaker frå Commercy.
Parti frå gata Rue des Juifs.

Mest kjend, i alle fall i Frankrike, er byen for å vere opphav til madeleinekakene, som Marcel Proust skriv om i A la recherche du temps perdu (norsk utgåve: På sporet av den tapte tid).

På 1700-talet var Château de Commercy residens for den polske kongen Stanisław Leszczyński, som fekk hertugdøma Lorraine og Bar etter han mista krona i 1736.

Bakgrunnsstoff